Nicolai Getz (fødd 19. november 1991) er ein norsk sjakkspelar, Internasjonal Meister i sjakk (IM).

Nicolai Getz


Statsborgarskap Noreg
Fødd 19. november 1991 (32 år)
Idrett sjakk

Internasjonal Meister i sjakk endre

Nicolai Getz vart IM etter sterke resultat i to internasjonale turneringar. I Arctic Chess Challenge i Tromsø i august 2009 tok han 6 poeng på 9 rundar, eit halvt poeng over kravet til IM-napp. I Europameisterskapen i sjakk i Aix les Bains i Frankrike i mars-april 2011 tok han 5,5 poeng på 11 rundar.[1] Då resultat i viktige FIDE-turneringar tel dobbelt, var desse to turneringane nok til å oppfylle kravet om IM-resultat i minst 27 parti.

Han fekk tittelresultata godkjende av Verdssjakkforbundet FIDE i juni 2011.[2] Nicolai Getz hadde enda ikkje hadde klart kravet om eigen rating over 2400. Dette klarte han i løpet av hausten 2011.[3]. Han vart deretter Internasjonal Meister i sjakk.[4]

Sjakk-OL og lag-EM endre

Nicolai Getz spelte på det norske laget i sjakk-OL i Baku i 2016 som reserve. Han spelte eit parti, remis i første runde.[5]

Nicolai Getz spelte for Noreg i lag-EM i sjakk i Porto Carras, med resultatet (+4, =4, -1) på fjerde bord.[6]

Nicolai Getz har også spelt fem gongar for Oslo Schakselskap i EM for i sjakk for klubblag (2009-2011, 2015-2016).[7]

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  • Øystein Brekke: Norske sjakktrekk. Norges Sjakkforbund 100 år 1914-2014. Norges Sjakkforbund 2014, ISBN 978-82-991916-2-3

Fotnotar endre