Oslo Schakselskap

Oslo Schakselskap er ein sjakklubb i Oslo, som i mesteparten av tida han har eksistert har vore den klart største og sterkaste sjakklubben i Noreg.

Oslo Schakselskap
Skipa4. februar 1884
HovudkontorOslo

Oslo Schakselskap vart stifta 4. februar 1884, som Christiania Schakselskab. Den var ein av dei sju sjakklubbane som var med og stifta Norges Sjakkforbund i 1914.

I 1918 donerte bankier Johs. G. Heftye eit fond til klubben. Dette fondet danna grunnlaget for at klubben i 1952 kunne skaffe seg eigne lokale i Bogstadveien 30 på Majorstua.

Oslo Schakselskap hadde per 1989 vunne NM for klubblag 17 gongar: I 1937, 1939, 1958, 1959, 1968, 1974, 1977, 1978, og 9 år på rad i åra 1980 til 1988. (Først frå 1971 vart dette ei årleg sjakkturnering). Klubben har dei siste sesongane spelt i den norske eliteserien i sjakk.

Spelarar frå klubben har vunne Noregsmeisterskapen i sjakk 44 gongar fram til 2008, av dei 84 gongar NM til då hadde blitt arrangert.

Oslo Schakselskap er no den nest største i Noreg, med om lag 95 medlemmar pr 9.4.2008.

Dei mest kjende spelarane frå klubben no, er stormeistrane i sjakk Leif Erlend Johannessen, Einar Gausel og Leif Øgaard, og Jon Ludvig Hammer, som kvalifiserte seg til stormeistertittelen i januar 2009.

Kjelder endre

  • Øystein Brekke: Norges sjakkforbund 75 år 1914-1989, Norges Sjakkforbund 1989, ISBN 82-991916-0-2

Bakgrunnsstoff endre