Nicolas Poussin (15. juni 159419. november 1665), fødd i Les Andelys, Frankrike, død i Roma, var ein fransk målar. Han heldt seg i Roma gjennom store delar av livet sitt (han blei favorisert av pave Urban VIII), med unntak av ein kort periode då kardinal Richelieu sendte han til Frankrike som førstemålaren til kongen.

Nicolas Poussin

Statsborgarskap Kongedømet Frankrike, Frankrike
Fødd juni 1594
Les Andelys
Død

19. november 1665
Roma

Yrke kunstmålar, grafikar, bygningstegner
Sjanger historiemåleri, religiøst maleri, mytologisk maleri, målarkunst, allegori, figure, landskapsmåleri, portrett, sjølvportrett, religiøs kunst, slagmaleri
Ektefelle Anne-Marie Dughet
Signatur
Nicolas Poussin på Commons
Nicolas Poussin – Sjølvportrett (1650). Louvre, Paris

I 1612 reiste Poussin til Paris, der han hos Georges Lallament og Ferdinand Elle heldt fram med utdanninga si, som truleg hadde teke til i Rouen. Etter eit besøk i Venezia reiste Poussin i 1624 til Roma. Bortsett frå ei reise til Paris i 1640-1642 blei han i Roma til han døydde.

Han var sentral innan landskapsmåleri og blir rekna som grunnleggaren av det franske klassisistiske måleriet på 1600-talet. Arbeida hans var ofte klåre, og bar preg av orden. Han hevda at fargen hadde ein dekorativ verdi i eit måleri og var mindre viktig enn dei meir formelle delane teikning og komposisjon. Denne haldninga kom seinare til å bli kalla for poussinisme. Utifrå den antikke kunsten og den italienske renessansen utførte Poussin religiøse og mytologiske historiemåleri, portrett og landskap. Han blei den viktigaste referansen for seinare franske klassisistar som Jacques-Louis David. Trass i at Poussin måla under barokken, blir bileta hans kjenneteikna av vektlegginga av linja, teikninga og intellektuelle ordensprinsipp frå renessansen framfor dem dramatiske fargebruken og emosjonelle patosen i barokken.

«Et in Arcadia Ego» (1637-1639). Louvre, Paris

Kunstverk i utval endre

  • Germanicus død (1627)
  • Den heilage Erasmus martyrium (1628)
  • Midas og Bacchus (1629-1630)
  • Pesten i Ashdod (1630)
  • Et in Arcadia Ego (1637-1639)
  • Israelittane samlar manna i ørkenen (1637-1639)
  • Landskap med Polyfemos (1648)
  • Sjølvportrett (1650)

Bakgrunnsstoff endre

  Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Nicolas Poussin