Nidže (makedonsk Ниџе) eller Vóras (gresk Βόρας, Nord) er ei fjellkjede som ligg på grensa mellom Nord-Makedonia og periferieiningane Pélla og Florina nordvest i Hellas. Fjellet er omgjeve av urørt natur, furuskogar, reine elvar og enger i over 2 000 meters høgd. Den høgaste toppen er Kajmakčalan (Kaimáktsalan) på 2 521 meter over havet. Andre fjelltoppar er Starkov grob (1 876 m) og Dobro pole (1 700 m).

Nidže
fjell
Land  Nord-Makedonia,  Hellas
Høgd 2 540 moh.
Koordinatar 40°59′N 21°50′E / 40.983°N 21.833°E / 40.983; 21.833
Kart
Nidže
40°56′32″N 21°48′17″E / 40.942222222222°N 21.804722222222°E / 40.942222222222; 21.804722222222
Wikimedia Commons: Nidže

Ein kan nå fjellet frå Bitola eller nærliggande landsbyar.

Kjelder endre