Bitola
Bitola Битола | |||
---|---|---|---|
Gate i Bitola | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Statistisk region |
Nord-Makedonia Pelagonia | ||
Borgarmeister | Vladimir Taleski | ||
Geografi | |||
Flatevidd - By |
787,95 km² | ||
Innbyggjarar[1] - By (2021) - folketettleik |
85 164 108,1/km² | ||
Koordinatar | Koordinatar: | ||
Høgd over havet | +576 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Postnummer | 7000 | ||
Telefon-retningsnummer | 389 047 | ||
Heimeside: bitola.gov.mk | |||
Plassering | |||
Plasseringa til Bitola i Nord-Makedonia |
Bitola (makedonsk Битола) er ein by og ein kommune i regionen Pelagonia i Nord-Makedonia. Kommunen fekk sitt noverande omfang i 2004, då dei tidlegare kommunane Bistritsa, Kukuretsjani og Tsapari vart innlemma i kommunen.
Med 85 164 innbyggjarar var kommunen den tredje største etter Skopje og Kumanovo ved folketeljinga i 2021.[1]I 2002 hadde kommunen 95 385 innbyggjarar,[2] medan den tidlegare kommunen Bitola hadde 86 408 innbyggjarar.[3] Sjølve byen Bitola var med sine 74 550 innbyggjarar den nest største byen i Nord-Makedonia etter Skopje i 2002.[3]
Bitola ligg sør i Pelagoniadalen, sørvest i landet, og er eit senter for administrasjon, kultur, industri, handel og utdanning. Rundt byen ligg fjella Baba og Nidže. Grensa til Hellas ligg berre 14 km lenger sør. Bitola er eit viktig trafikknutepunkt mellom hovudvegen frå det sørlege Adriahavet til Egearhavet og Sentral-Europa.
I perioden under Det osmanske riket vart byen kalla «Byen av konsulane» sidan mange europeiske land hadde konsulat i Bitola.
Av innbyggjarar er dei fleste etniske makedonarar (88,7 %). Kommunen har òg mindre folkegrupper av albanarar (4,4 %), roma (2,7 %), tyrkarar (1,7 %) og vlacharar (1,3 %).
Byen er heimstad for St. Klement av Ohrid-universitetet i Bitola, Makedonia sitt nest største universitet.
HistorieEndra
I nærleiken av sentrum i Bitola låg den antikke byen Heraclea-Lyncestis. Under Austromarriket heitte byen Monastiri, som tyder «kloster» på gresk. Mot slutten av 1300-talet vart Bitola ein del av Serbia under Stefan Dušan. Byen vart erobra av Det osmanske riket på 1400-talet. Då Serbia tapte byen etter den første balkankrigen fekk han namnet Bitolj etter det slaviske ordet obitel som tyder kloster. På makedonsk er ordet for kloster manastir.
Busetnader i kommunenEndra
Dei største busetnadene i kommunen var:
Busetnad | Folketal 2002[3] |
---|---|
Bitola | 74 550 |
Bukovo | 3 494 |
Gorno Orizari | 2 454 |
Dolno Orizari | 1 834 |
Bistritsa | 1 015 |
Kukuretsjani | 966 |
BakgrunnsstoffEndra
- Bilete frå Bitola
- Informasjon om Bitola Arkivert 2017-09-13 ved Wayback Machine.
KjelderEndra
- Denne artikkelen bygger på «Bitola» frå Wikipedia på engelsk, og «Bitola» frå Wikipedia på svensk den 2. februar 2008.