Niels Ødegaard

norsk redaktør og politikar

Niels Ødegaard (25. september 189230. mai 1976) var ein norsk avisredaktør og politikar for Det norske Arbeidarparti og Norges Kommunistiske Parti. Han var sjefredaktør i Ny Dag, ordførar i Gjøvik 1922-40 og 1945-67, stortingsrepresentant 1934-45.

Niels Ødegaard
Niels Ødegård.jpg
Fødd25. september 1892
Gjøvik
Død1976
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet, Norges Kommunistiske Parti
Yrkepolitikar, redaktør

Liv og gjerningEndra

Ødegaard var son til ein skomakar. Sjølv arbeidde han i eit trykkeri frå 1906 til -09 og der etter var han sekretær i O. Mustad & Søn til 1911. Dei to neste åra gjekk han Elverum lærerskole, uteksaminert 1913. Perioden 1913-19 var han lærar både i Gjøvik, Tyldalen, Fluberg og Vardal.

Frå 1919 til 1924 var Ødegaard sjefredaktør i Arbeidarparti-avisa Ny Dag. Då Det norske Arbeidarparti vart splitta hausten 1923 og Norges Kommunistiske Parti vart danna, fylgde partimedlemene på Gjøvik utbrytarane over i NKP. Ødegaard melde seg ut av Norges Kommunistiske Parti året etter og inn i Arbeidarpartiet. Han fekk jobb i nyetablerte Opland Arbeiderblad, og frå 1926 var han sjefredaktør i den avisa. Under okkupasjonen byrja han som disponent for A/S Hunton Bruk, ei stilling han hadde til 1961.

Ødegard var medlem i Gjøvik kommunestyre frå 1919. Etter det neste kommunevalet var han ordførar i byen frå 1922 til han måtte gå av etter okkupasjonen av Noreg i 1940. I mai 1945 tok han over ordførarombodet att, ein posisjon han hadde til ut året 1967. Elles hadde Ødegaard ei sentral rolle også på andre felt i Gjøvik. Han var styreleiar i fleire lokale bedrifter, så som Gjøvik Støperi og mek. Verksted, Gjøvik Skifabrik, Gjøvik Auto og Byggeleverandøren. Ei tid var han også styremedlem i Norges Industriforbund. Den økonomiske politikken han førte vart kalla ødegaardianisme, ei form forblandingsøkonomi.

Periodane 1934-36 og 1937-45 representerte Ødegaard kjøpstadene Hamar, Kongsvinger, Lillehammer og Gjøvik på Stortinget, vald for Arbeidarpartiet. I den fyrste valbolken var han sekretær i Protokollkomiteen, sidan i Sosialkomiteen.

Ødegaard vart utnemnd til heidersborgar av Gjøvik i 1967 og eit monument av han vart reist i 1972.

KjelderEndra