Niels Bjørnsen Møller

norsk målar

Niels Bjørnsen Møller (10. juli 18275. desember 1887) var ein norsk målar fødd i Eiker i Buskerud og aktiv i Tyskland.

Niels Bjørnsen Møller
Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. juli 1827
Eiker kommune
Død

5. desember 1887 (60 år)
Düsseldorf

Yrke kunstmålar
Born Bjørn Bjørnson Møller
Niels Bjørnsen Møller på Commons
Landskap med beitande kyr, 1855

Husmannssonen Møller var elev ved Den kgl. Tegneskole i Christiania i 1851-52, der han måla eit portrett av Lars Hertervig. I 1852 reiste Møller til kunstakademiet i København. Året etter drog han vidare til Düsseldorf, der han i 1855–57 var elev av Hans Gude.

Møller vart buande i Tyskland livet ut. Nasjonalgalleriet i Oslo eig Fjordlandskap frå 1861, eit bilete i Düsseldorf-stil med kulisseaktige fjellformasjonar og ein fiskarfamilie plassert som staffasje i forgrunnen. I 1873 vart han tildelt medalje på Verdsutstillinga i Wien med måleriet Lodshavn ved den svenske vestkyst. Her er horisonten plassert høgt i biletet, eit trekk som var karakteristisk for hans seinare verk.

Kjelder endre