Niels Schjoldager

norsk politikar

Niels Raanes Schjoldager (27. november 178222. mars 1845) var ein norsk embetsmann frå Trondheim som var stortingsmann frå Finnmarken 1824–1826.

Niels Schjoldager
Fødd27. november 1782
Død22. mars 1845 (62 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

Schjoldager var son til ein konsumpsjonsinspektør i Trondheim. Etter han var elev på Trondheim katedralskole, var han i 5 år informator hos futen Bull. Rettleia av futen nytta han tida til å studere dansk og norsk lov, tok dansk-juridisk eksamen i 1811.

Hausten 1814 gifta Schjoldagen seg med kjøpmannsdottera Inger M Wingaard frå Molde. Etter eitt år som fut i Senja, vart han i september 1815 utnemnd til fut og sorenskrivar i Vestfinmarken. I 1824 representerte han Finnmarkens amt på stortinget. Her var han sekretær i Odelstinget og i Tollkomiteen, samt medlem i komiteen om Finnmarkens opkomst (utvikling) og innløysinga av riksbanksetlane. Hausten 1824 fekk han stillinga som sorenskrivar i Nordfjord. Han var busett i Davik, der han 62 år gammal døydde frå kone og sju born.

Kjelder endre