Niillas Holmberg

finsk samisk forfattar og skodespelar

Niillas Holmberg (fødd 2. juli 1990 i Utsjok) er ein finsk samisk forfattar, skodespelar, musikar og tv-programleiar.[1]

Niillas Holmberg
Statsborgarskap Finland
Fødd 2. juli 1990 (34 år)
Utsjoki
Yrke skodespelar, skribent, lyrikar, songar
Språk nordsamisk
Ektefelle Maja Kristine Jåma

Niillas Holmberg har gjeve ut to diktsamlingar på samisk og ei på finsk, og to musikkalbum i lag med den finske musikaren Roope Mäenpää.[2] Han har spelt hovudrolla i stykket AllaqBeaivváš Sámi Našunálateáhter[3] og vore programleiar i det samiske barneprogrammet Unna Junná frå 2009.

Han var den samiske kandidaten til Nordisk råds litteraturpris 2015 med diktsamlinga amas amas amasmuvvat (2014).[4] Denne diktsamlinga vann òg Samerådets litteraturpris i 2014. Diktsamlinga er omsett til norsk av Rawdna Carita Eira med tittelen Så den fremmede ikke blir mer fremmed (2015).

Faren Veikko Holmberg er òg forfattar, og begge var nominerte til Nordisk råds prisar i 2015.[5]

Referansar

endre
  1. Samisk multikunstner; Morgenbladet, 31. juli 2015
  2. tuuparecords.fi
  3. forfattersentrum.no
  4. «norden.org». Arkivert frå originalen 26. februar 2015. Henta 27. oktober 2015. 
  5. Far og sønn nominert til Nordisk råds priser; nrk.no, 26.10.2015