Veikko Holmberg

finsk samisk forfattar

Veikko Holmberg (fødd 1945) er ein finsk, samisk barnebokforfattar, redaktør og lærebokforfattar som er fødd i Enare og busett i Utsjok.[1]

Veikko Holmberg
Statsborgarskap Finland
Fødd 1945 (79 år)
Inari
Yrke skribent, lingvist, redaktør

Han var m.a. medforfattar i dei viktige læremiddelseriane Davvin og Sámás. Han har skrive barnebøkene Duvro-guovža ja šibitdoaktára rehket med illustratør Marja Helander (1995, norsk Durre-bjørnen og dyrlegeregninga 1996) og Duvro-guovža ja skohtermáđii med illustratør Sissel Horndal (2014, norsk Durrebjørnen og skuterløypa). Den siste av dei er «dedikert til alle som må vika for kravet til storsamfunnet»; og fortel om at «Durrebjørnen og ungen hennes Darre må flytte fra hjemmet sitt, fordi menneskene trenger plass til sine fritidsaktiviteter».[2] Boka vart nominert til Nordisk råds barne- og ungdomslitteraturpris 2015.[3]

Sonen Niillas Holmberg er òg forfattar, og begge var nominerte til Nordisk råds prisar i 2015.[4]

Referansar endre

  1. Veikko Holmbegr; davvi.no
  2. Durrebjørnen og skuterløypa Arkivert 2016-04-04 ved Wayback Machine.; Samisk bibliotektjeneste
  3. «norden.org». Arkivert frå originalen 10. april 2015. Henta 27. oktober 2015. 
  4. Far og sønn nominert til Nordisk råds priser; nrk.no, 26.10.2015