Beaivváš Sámi Našunálateáhter

Beaivváš Sámi Našunálateáhter (tidlegare Beaivváš Sámi Teáhter), på norsk Det Samiske Nasjonalteateret Beaivváš er eit norsk teater, skipa i Kautokeino i 1981. Beaivváš er den einaste profesjonelle institusjonen i Noreg med samisk som scenespråk, men teateret turnerer òg i dei samiske områda i nabolanda. Årleg har teateret ca. 70-80 reisedøgn, og det turnerer over ei strekning på ca. 6000 km.

Beaivváš Sámi Našunálateáhter

Teateret var opphavleg ei uavhengig frigruppe, men har sidan 1991 vore statsstøtta, sidan 2002 via Sametinget. Det har hatt kunstnerisk og utdanningsmessig samarbeid med Samisk høgskule, teaterhøgskulen i Luleå, Scene Finnmark, Samiska Teatern i Kiruna, Åarjelhsaemien Teatere i Mo i Rana og Tärnaby, og dessutan Hålogaland teater.

I 2005 turnerte dei Norden med oppsetnjinga Skuolfi. I 2011 hadde teateret 30-års jubileum. Då vart den første framsyninga Våre vidder/Min duoddarat sett opp att med Nils Gaup i regien.

Teateret hadde i 2007 teatersjef Haukur J. Gunnarsson, fire fast tilsette skodespelarar og seks teknisk-administrativt tilsette. Teateret har årleg omkring 20 årsverk, ca. 10 årsverk går til innleidde instruktørar, dramatikarar, scenografar, kostymedesignarar, filmfolk, sminkørar, osb.

Teateret held til i Kautokeino kulturbygg. Det har lenge håpa å få nytt teaterbygg, og arbeidd for dette sidan 2005. I 2018 blei det gjort vedtak om å bygga eit samisk teaterhus samlokalisert med samisk vidaregåande- og reindriftssskule.[1]

Utvalde oppsetjingar endre

  • Den rimhårede og drømmeseeren[2]
  • Drømmeseeren
  • Oahpaheaddji

Teatersjefar endre

  • 1991–1996: Haukur J. Gunnarsson
  • 1997–2002: Alex Scherpf
  • 2002–2006: Harriet Nordlund
  • 2007–2015: Haukur J. Gunnarsson
  • 2016–2023: Rolf Degerlund[3]
  • 2023–: Per Ananiassen[3]

Kjelder endre

  1. «Om teatret – Beaivváš». Beaivváš (på norsk bokmål). 
  2. [1][daud lenkje]
  3. 3,0 3,1 «15. mai 2023 kl. 17:30 Beaivváš-teáhteris ođđa hoavda». NRK Sápmi (på nordsamisk). 15. mai 2023. Henta 16. mai 2023. 

Bakgrunnsstoff endre