Nikkebrønsle (Bidens cernua) er ei eittårig urt i korgplantefamilien. Planten blir 10 til 90 cm høg. Han veks i Eurasia og Nord-Amerika og er vanleg i mange land. I Noreg er han knytt til næringsrike dammar, vasskanter og sumper i Sør-Noreg. Han er i tilbakegang her til lands fordi det blir mindre av slike landskapstypar. Han er forsvunnen frå kyststrøka, men veks framleis over eit stort areal i innlandet på Austlandet.[1]

Nikkebrønsle
Nikkebrønsle
Nikkebrønsle
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: EN Sterkt truga
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Orden: Korgplanteordenen Asterales
Familie: Korgplantefamilien Asteraceae
Underfamilie: Asteroideae
Overstamme: Helianthodae
Stamme: Coreopsideae
Slekt: Brønsleslekta Bidens
Art: Nikkebrønsle B. cernua
Vitskapleg namn
Bidens cernua
Nikkebrønsle

Fotnotar

endre
  1. Solstad H, Elven R, Arnesen G, Eidesen PB, Gaarder G, Hegre H, Høitomt T, Mjelde M og Pedersen O (24.11.2021). Karplanter: Vurdering av nikkebrønsle Bidens cernua for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken.
  Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.