Eurasia

kontinent

Eurasia eit kontinent som omfattar verdsdelane Europa og Asia, eller ein del av superkontinentet Eurafrasia. Namnet er sett saman av Eur(opa) og -Asia. Arealet er omkring 54 millionar km².

Kart over Eurasia.
Jordkloden med Eurasia. (Kjelde: NASA)

Platetektonisk har Eurasia vore ei samanhengande plate sidan trias, 250 millionar år sidan. Det er sett saman av Den eurasiske plata, Det indiske subkontinentet, Den arabiske halvøya (det arabiske subkontinentet), området aust for Verkhoyanskkjeda i Aust-Sibir og Filippinane.

Politisk er nemninga «Eurasia» bruka som eit fellesnamn for de tidlegare sovjetrepublikkane, spesielt Russland, dei sentralasiatiske og dei transkaukasiske republikkane.

Dei første som segla rundt heile Eurasia, var ein ekspedisjon leidd av finlandssvenske Adolf Erik Nordenskiöld i 1878–79.

Skiljet mellom Europa og Asia endre

Grensa mellom Europa og Asia er ein konvensjon med stor symbolverdi, men utan historisk folkerettsleg tyding. Til vanleg blir grensa trekt opp nordfrå langs Uralfjella og vidare ned elva Ural til Kaspihavet. Mellom Kaspihavet og Svartehavet er det ulike meiningar om kor grensa bør trekkjast. Det vanlegaste er at grensa går over vasskiljet i Kaukasus. I så fall er Elbrus det høgaste fjellet i Europa. Den vidare grensa blir, sidan klassisk tid, trekt gjennom Bosporus, Marmarahavet, Dardanellane og Egearhavet.