Nikkestjerne

planteart

Nikkestjerne (Ornithogalum nutans) er ei plante i fuglestjerneslekta i aspargesfamilien.[1] Arten kjem opphavleg frå Balkan og Vest-Asia.[2]

Nikkestjerne
Nikkestjerne
Nikkestjerne
Status
Status i Noreg: Framandart med låg risiko
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophytes
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Aspargesordenen Asparagales
Familie: Aspargesfamilien Asparagaceae
Stamme: Ornithogaleae
Slekt: Fuglestjerneslekta Ornithogalum
Art: Nikkestjerne O. nutans
Vitskapleg namn
Ornithogalum nutans

I Noreg er arten ein framandart som er innført som prydplante og som vart funnen forvilla i 1897. Arten er sjeldan dyrka i dag, men han er bufast og veks spreidde stader langs kysten frå Østfold til Kristiansand.[2] I Framandartslista 2023 er arten registrert med låg risiko (LO),[3] oppgradert frå ingen kjend risiko (NK) i 2018.[4]

Kjelder

endre
  1. «Artsdatabanken: Nikkestjerne». Artsdatabanken. 8. mars 2023. 
  2. 2,0 2,1 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 223. 
  3. «Fremmedartslista 2023: nikkestjerne Ornithogalum nutans L.». Framandartslista 2023. Artsdatabanken. 11. august 2023. Henta 12. februar 2024. 
  4. «Fremmedartslista 2018: Ornithogalum nutans nikkestjerne». Framandartslista 2018. Artsdatabanken. 24. april 2018. Henta 8. mars 2023. 

Bakgrunnsstoff

endre