Nikola Špirić
Nikola Špirić (fødd 4. september 1956) er ein bosnisk-serbisk politikar som var statsminister i Bosnia-Hercegovina frå 2007 til 2012. Han er medlem i partiet Savez nezavisnih socijaldemokrata (Alliansen av uavhengige sosialdemokratar - SNSD).
Nikola Špirić | |||
| |||
Fødd | Никола Шпирић 4. september 1956 (68 år) Drvar | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Bosnia-Hercegovina | ||
Yrke | politikar, samfunnsøkonom, universitetslærar | ||
Utdanna ved | Universitetet i Sarajevo | ||
Verv | Statsminister i Bosnia-Hercegovina 2007-2012 | ||
Føregangar | Adnan Terzić | ||
Etterfylgjar | Vjekoslav Bevanda | ||
Alle verv |
|
Nikola Špirić vart fødd i Titov Drvar (noverande Drvar) i Bosnia i det dåverande Jugoslavia. Han studerte økonomi ved universitetet i Sarajevo og har doktorgrad i økonomi. Frå 1992 har han vore økonomiprofessor ved universitetet i Banja Luka.
1. november 2007 gjekk Špirić av som statsminister i protest mot parlamentariske reformer som den internasjonale administratoren for Bosnia-Hercegovina, Miroslav Lajčák, tvinga gjennom. Špirić meinte at reformene vil redusera innflytelsen til dei bosniske serbarane. Krisa vart løyst, og Špirić vart nominert på nytt til statsministerposten 10. desember og stadfesta i stillinga 27. desember.