Nikolaj Bogdanov-Belskij

Nikolaj Petrovitsj Bogdanov-Belskij (8. desember 186819. februar 1945) var ein russisk målar.

Nikolaj Bogdanov-Belskij

Fødenamn Никола́й Петро́вич Богда́нов-Бе́льский
Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 8. desember 1868
Belsky County
Død

19. februar 1945 (76 år)
Berlin

Yrke kunstmålar
Språk russisk
Sjanger portrett, sjangermåleri
Signatur
Nikolaj Bogdanov-Belskij på Commons

Liv og gjerning

endre

Bogdanov-Belskij vart fødd i landsbyen Sjitikij i Smolensk-guvernementet i 1868. Han studerte kunst på ein kunstskule driven av Semjon Rasjinskij, lærte ikonmåling på klosteret Troitse-Sergijeva Lavra i 1883 og moderne målarkunst på Moskvas skule i måling, bilethogging og arkitektur frå 1884 til -89. Åra 1894-95 studerte han ved St. Petersburgs kunstakademi. Seint på 1890-talet studerte og arbeidde han i eit privat-atelier i Paris.

Bogdanov-Belskij slo seg ned i St. Petersburg og arbeidde der i mange år. Men etter 1921 arbeidde han einast i Riga i Latvia. Han var medlem av fleire leiande kunstgrupperingar, der i mellom i Peredvizjnikij-rørsla frå 1895, og Arkhip Kuindzji-selskapet frå 1909. Det sistnemnde var han ein av grunnleggjarane av, og formann for frå 1913 til 1918.

Bogdanov-Belskij måla for det meste sjangermåleri, mange med undervisning av bondeborn som hovudmotiv. Dessutan måla han portrett, og impresjonistiske landskapsstudiar. Han var lærar ved kunstakademiet frå 1903. Frå 1914 var han ein aktiv medlem av St. Petersburgs kunstakademi.

Realistisk kunst blei aktivt mislikt i Sovjetunionen, og Bogdanov-Belskij blei nøydd til å flytta til Riga i 1921. Etter den sovjetiske okkupasjonen av Baltikum i 1939 flytta han vidare til Berlin. 19. februar 1945 omkom han der som følgje av den allierte bombinga av byen. Han blei gravlagd ved Berlin-Tegel russisk-ortodokse gravlund.[1]

Utvalde verk

endre

Kjelder

endre
  1. Перевышко, Анатолий. Николай Петрович Богданов-Бельский (på russisk). Петербургский художник. Henta 9. juni 2012. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Nikolaj Bogdanov-Belskij