Oscarstatuetten er ein heiderspris som blir delt ut innan hurtigløp på skøyter. Prisen er til minne om skøyteløparen Oscar Mathisen og har sidan 1959 vore tildelt av Oslo Skøiteklub som ei markering av den største skøytebragden i sesongen. Statuetten er ein miniatyr av Åre Durban sin statue av Oscar Mathisen, som står utanfor Frogner stadion. Utdelinga har tradisjonelt skjedd i samband med Oscarløpet like før jul, men er i seinare år blitt flytta til større skøyteløp i VikingskipetHamar.

Skøytelegenda Oscar Mathisen

Historie endre

Valet av den største skøytebragden har hovudsakleg bygd på prestasjonar frå internasjonale meisterskapar som EM på skøyter, allround for damer og herrar, VM på skøyter, allround for damer og herrar, OL-medaljar for damer og herrar. Sidan 1996 har òg VM på enkeltdistanser for damer og herrar vore med i vurderingane. Verdsrekordløp kan vera avgjerande for utfallet. Verdscupen og internasjonale løp i Noreg er òg med i vurderinga. Tidlegare var prestasjonar i landskampar der Noreg var involvert òg sentrale, men slike landskampar eksisterer ikkje lenger.

Dei åtte første åra, fram til 1967, kunne ikkje ein utøvar vinna trofeet meir enn éin gong. Dermed kunne ikkje til dømes den første mottakaren av statuetten, Knut Johannesen, bli tildelt stauetten ein ny etter den fantastiske 10 000-meteren sin i Vinter-OL 1960. Tilsvarande kunne heller ikkje svenske Jonny Nilsson få oscarstatuetten etter VM-gullet i 1963.

Etter at statuetten frå 1967 kunne delast ut fleire gonger til same utøvar, har sju utøvarar motteke meir enn éin Oscar. Eric Heiden har fire, som han mottok fire år på rad frå 1977 til 1980. Ard Schenk, Johann Olav Koss og Gunda Niemann har tre kvar. Kees Verkerk vart den første med to trofé i 1967. To har òg Sten Stensen og svenske Tomas Gustafson, som mottok statuetten med seks års mellomrom i 1982 og i 1988.

Gunda Niemann er den einaste kvinna med meir enn éin statuett, og sit med tre av ti statuettar tildelt kvinner. Dei fire tyske statuettane er alle tildelt kvinner.

Statuetten blei berre gjeven til menn heilt fram til 1987, og Bonnie Blair var den første kvinna som mottok trofeet i 1992. Sidan har fem kvinner til teke imot Oscarstatuen.

I 2008 fekk den canadiske sprinteren Jeremy Wotherspoon den femtiande Oscarstatuetten i rekkja. Han var då den femte reindyrka sprinteren som mottok prisen, etter Jevgenij Kulikov frå Sovjetunionen (1975), Gaétan Boucher frå Canada (1984), Bonnie Blair frå USA (1992) og Hiroyasu Shimizu frå Japan (2001).[1]

Oversyn over vinnarar endre

 
Fred Anton Maiar fekk statuetten i 1968
 
Ard Schenk fekk statuetten tre gonger, i 1970, 1971 og 1972
 
Johann Olav Koss fekk statuetten tre gonger, i 1990, 1991 og 1994
Foto: C. Hill, 2007
 
Rintje Ritsma fekk statuetten i 1999
 
Jochem Uytdehaage fekk statuetten i 2002
 
Anni Friesinger fekk statuetten i 2003
 
Chad Hedrick fekk statuetten i 2004
 
Sven Kramer fekk statuetten i 2007
År Namn Klubb/nasjonalitet Nasj. Vesentlege prestasjonar
1959 Knut Johannesen Arbeidernes Skøyteklubb   Noreg Europameister
1960 Boris Stenin Sovjetunionen   Sovjetunionen Verdsmeister
1961 Henk van der Grift Nederland   Nederland Verdsmeister
1962 Jonny Nilsson Sverige   Sverige Vann 10 000 m med 15 sekund under VM i Moskva.
1963 Nils Aaness Oslo Skøiteklub   Noreg Verdsrekord samanlagt og europamiester
1964 Ants Antson Sovjetunionen   Sovjetunionen Verdensrekord på 3 000 m, OL-gull og europamester
1965 Per Ivar Moe Oslo Idrettslag   Noreg Verdsmeister
1966 Kees Verkerk Nederland   Nederland Verdsmeister
1967 Kees Verkerk Nederland   Nederland Verdsmeister
1968 Fred Anton Maier Tønsberg Turn   Noreg OL-gull, verdsmeister og europamester
1969 Dag Fornæss Hamar Idrettslag   Noreg Verdsmeister og europamiester
1970 Ard Schenk Nederland   Nederland Verdsmeister og europameister
1971 Ard Schenk Nederland   Nederland Verdsmeister
1972 Ard Schenk Nederland   Nederland Verdsmeister, europameister og 3 OL-gull
1973 Göran Claeson Sverige   Sverige Verdsmeister og europameister
1974 Sten Stensen Drammens Skøiteklub   Noreg Verdsmeister
1975 Jevgenij Kulikov Sovjetunionen   Sovjetunionen Fire verdsrekordar på 500 m - forbeta rekorden med eitt sekund (fra 38,0 til 37,00)
1976 Sten Stensen Drammens Skøiteklub   Noreg OL-gull og verdsrekord på 10 000 m
1977 Eric Heiden USA   USA Verdsmeister
1978 Eric Heiden USA   USA Verdsmeister
1979 Eric Heiden USA   USA Verdsmeister
1980 Eric Heiden USA   USA 5 OL-gull
1981 Amund Sjøbrend Hamar Idrettslag   Noreg Verdsmeister og europameister
1982 Tomas Gustafson Sverige   Sverige Europameister
1983 Rolf Falk-Larssen Trondhjems Skøiteklub   Noreg Verdsmeister
1984 Gaétan Boucher Canada   Canada 2 OL-gull
1985 Hein Vergeer Nederland   Nederland Verdsmeister
1986 Geir Karlstad Lillestrøm Sportsklubb   Noreg Verdsrekordar på 5 000 m og 10 000 m
1987 Nikolaj Guljajev Sovjetunionen   Sovjetunionen Verdsmeister og europamester
1988 Tomas Gustafson Sverige   Sverige OL-gull på 5 000 m og 10 000 m og europameister
1989 Leo Visser Nederland   Nederland Verdsmeister og europameister
1990 Johann Olav Koss Sk-94   Noreg Verdsmeister
1991 Johann Olav Koss Sk-94   Noreg Verdsmeister og europameister
1992 Bonnie Blair USA   USA OL-gull på 500 m og 1000 m
1993 Falko Zandstra Nederland   Nederland Verdsmeister og europameister
1994 Johann Olav Koss Sk-94   Noreg OL-gull på 1 500 m, 5 000 m og 10 000 m
1995 Gunda Niemann Tyskland   Tyskland Verdsmeister
1996 Gunda Niemann Tyskland   Tyskland Verdsmeister
1997 Gunda Niemann Tyskland   Tyskland Verdsmeister allround og på VM enkeltdistansar
1998 Ådne Søndrål Hol Idrettslag   Noreg OL-gull på 1 500 m
1999 Rintje Ritsma Nederland   Nederland Verdsmeister
2000 Gianni Romme Nederland   Nederland Verdsmeister
2001 Hiroyasu Shimizu Japan   Japan Verdsmeister i sprint
2002 Jochem Uytdehaage Nederland   Nederland OL-gull 5 000 m og 10 000 m og verdsmeister
2003 Anni Friesinger Tyskland   Tyskland Europameister og VM enkeltdistansar på 1 000 m, 1 500 m og 3 000 m
2004 Chad Hedrick USA   USA Verdsmeister og verdsrekord samanlagt
2005 Shani Davis USA   USA Verdsmeister
2006 Cindy Klassen Canada   Canada Verdsmeister
2007 Sven Kramer Nederland   Nederland Verdsmeister
2008 Jeremy Wotherspoon Canada   Canada Verdsmeister og flere verdsrekordar på 500 meter, den siste på 34,05 sek.[1]
2009 Shani Davis USA   USA To verdsrekordar (1 000 m og 1 500 m) på to dagar.[2]
2010 Martina Sáblíková Tsjekkia   Tsjekkia Siger på 3 000 m og 5 000 m i OL, VM og EM.[3]
2011 Bob de Jong Nederland   Nederland Siger på 10 000 m under VM enkeltdistansar med tida 12.48,20.[4]
2012 Christine Nesbitt Canada   Canada Ny verdsrekord på 1 000 m under Sprint-VM 2012 med 1.12,68.[5]
2013 Ireen Wüst Nederland   Nederland Det første 3 000 meterløpet under 4 minutt på låglandsbane i verdscupfinalen 2012/13 med 3.58,68.[6]
2014 Jorrit Bergsma Nederland   Nederland OL-gull og det raskaste 10 000 meterløp på låglandsbane med 12.44,45.[7]
2015 Brittany Bowe USA   USA Gull i enkeltdistanse-VM på 1 000 meter og den raskeste tida på ein europeisk bane; første løpar på 1 000 meter under 1.14 blank med 1.13,90.[8]
2016 Ted-Jan Bloemen Canada   CAN Ny verdsrekord på 10 000 meter.[9]
2017 Sven Kramer (2) Nederland   NED Gull i enkeltdistanse-VM på 10 000 meter og tidenes raskeste på lavlandsbane (12.38.89).[10]
2018 Håvard Holmefjord Lorentzen Fana Idrettslag   NOR OL-gull på 500 meter.[11]
2019 Kjeld Nuis Nederland   NED Ny verdensrekord1 500 meter i verdenscupfinalen 2018/19.[12]
2020 Natalja Voronina Russland   RUS Ny verdensrekord på 5 000 meter i enkeltdistanse-VM 2020.[13]
2021 Nils van der Poel Sverige   SWE Ny verdensrekord på 10 000 meter i enkeltdistanse-VM 2021.[14]

Statistikk endre

Nasjonsfordeling endre

Oscarstatuetten blei utdelt for 50. gong i 2008, då til canadieren Jeremy Wotherspoon. Statuettane er tildelt løparar frå ni nasjonar etter følgjande fordeling:

# Land Mengd
Trofé Løparar
1 Nederland 16 13
2 Noreg 14 11
3 USA 9 5
4 Canada 5 5
5 Tyskland 4 2
- Sovjetunionen 4 4
- Sverige 4 3
8 Japan 1 1
- Tsjekkia 1 1

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 «Oscar-statuetten til Jeremy Wotherspoon». 
  2. «Begrunnelse tildeling 2009 til Shani Davis». Oscarstatuetten - Oscar Mathisens ærespris. 
  3. «Oscar-statuetten 2010 til Martina Sablikova». 29. mars 2010. 
  4. «Oscarstatuetten til Bob de Jong». 24. mai 2011. 
  5. «Oscarstatuetten 2012 tildeles Christine Nesbitt». 18. april 2012. 
  6. «Oscarstatuetten 2013 tildeles Ireen Wüst, Nederland». 16. april 2013. 
  7. «Oscarstatuetten 2014 tildeles Jorrit Bergsma». 19. juni 2014. 
  8. «Oscarstatuetten 2015». 20. mai 2015. 
  9. «Oscarstatuetten til Ted-Jan Bloemen». 15. juni 2016. 
  10. Svenn Erik Ødegaard (6. september 2017). «Oscarstatuetten 2017 tildeles Sven Kramer, Nederland». Norges Skøyteforbund. Arkivert frå originalen 7. september 2017. Henta 6. september 2017. 
  11. Jostein Magnussen; Jonas Wikborg (23. mai 2018). «Lorentzen tildelt Oscarstatuetten for 2018: – Dette er stort». VG sport. Henta 26. desember 2018. 
  12. «Oscarstatuetten 2019 tildeles Kjeld Nuis». Oslo Skøiteklub. 13. juni 2019. Henta 15. juni 2019. 
  13. Svenn Erik Ødegaard (5. juni 2020). «Voronina tildelt Oscar statuetten». Norges Skøyteforbund. Henta 13. juni 2020. «Natalja Voronina fra Russland tildeles Oscarstatuetten for sesongen 2019/20 for sitt imponerende verdensrekordløp på 5000 meter i VM enkeltdistanser på skøyter i Salt Lake City i USA 15. februar 2020.» 
  14. Hasse Farstad (9. juni 2021). «Oscarstatuetten 2021 tildeles Nils van der Poel». Norges Skøyteforbund. Henta 3. august 2021. «Nils van der Poel fra Sverige tildeles Oscarstatuetten for sesongen 2020/21 for sitt fenomenale verdensrekordløp på 10.000 meter i VM på skøyter enkeltdistanser i Heerenveen i Nederland 14. februar 2021.» 

Bakgrunnsstoff endre