Nikolaj Lobatsjevskij
Nikolaj Ivanovitsj Lobatsjevskij (fødd 1. desember 1792 i Nizjnij Novgorod i Russland, død 24. februar 1856 i Kazan) var ein russisk matematikar.
Nikolaj Lobatsjevskij | |||
| |||
Fødd | Николай Иванович Лобачевский 20. november 1792 Nizjnij Novgorod | ||
---|---|---|---|
Død | 12. februar 1856 Kazan | ||
Nasjonalitet | Det russiske imperiet | ||
Område | geometri, algebra, matematisk analyse, sannsynsrekning, trigonometri, matematikk, ikkje-evklidsk geometri, hyperbolsk geometri | ||
Yrke | matematikar, professor, universitetslærar | ||
Institusjonar | Det keiserlige universitetet i Kazan | ||
Alma mater | Det keiserlige universitetet i Kazan | ||
Doktorgradsrettleiar | Johann Christian Martin Bartels | ||
Ektefelle | Varvara Alexeyevna Moiseyeva | ||
Medlem | Göttingens vitenskapsakademi |
Lobatsjevskij tok doktorgraden sin ved universitetet i Kazan i 1811, og han var professor i matematikk der i perioden 1816-1846. Han var rektor ved universitetet frå 1827. Han medverka mykje til oppbygginga av universitetet, men av ukjend grunn fall han i unåde i 1846 og vart avsett. Lobatsjevskij arbeidde både med likningsteori og geometri. Den store matematiske oppdaginga er utviklinga av ein ikkje-euklidsk geometri, der det euklidsk parallellaksiomet ikkje gjeld. Geometrien til Lobatsjevskij er den såkalla hyperbolske, der det er ei uendeleg mengd parallellar til ei linje gjennom et punkt utanfor den. Same type geometri vart omtrent samstundes skapt av János Bolyai og Carl Friedrich Gauss sine etterlatne papir viser at han òg har hatt same ide, til og med noko tidlegare.
Kjelder
endre«Nikolaj Ivanovitsj Lobatsjevskij» i Store norske leksikon, snl.no.
Bakgrunnsstoff
endre- O'Connor, John J., og Edmund F. Robertson. «Nikolai Ivanovich Lobachevsky». MacTutor History of Mathematics archive.