Trigonometri
Trigonometri er ei grein innan matematikken som studerer triangel, vinklar og dei trigonometriske funksjonane (sinus, cosinus, tangens osv.).
Trigonometri er mykje brukt innan matematikk, særleg geometri, men også innan felt som som numerikk, mekanikk og frekvensanalyse (lyd, lys, optikk og kvantemekanikk).
Dei trigonometriske funksjonane er dei viktigaste omgrepa innan trigonometrien, særleg sinus, som er tilhøvet mellom den motståande sida (kateten) og hypotenusen til ein vinkel i ein rettvinkla trekant.