Nikolaj Urvantsev
Nikolay Nikolajevitsj Urvantsev (russisk;Николай Николаевич Урванцев) (29. januar 1893–20. februar 1985) var ein sovjetisk geolog og polarforskar. Han var fødd i byen Lukojanov i Nizjnij Novgorod guvernementet i Russland, der faren var kjøpmann. Urvantsev var mellom oppdagarane av kolfelta og kopar- og nikkelårane i Norilsk åra 1919-1922, og var mellom grunnleggarane av byen Norilsk.
Nikolaj Urvantsev | |
Statsborgarskap | Det russiske imperiet, Sovjetunionen |
Fødd | 17. januar 1893 Lukojanov |
Død |
20. februar 1985 (92 år) |
Yrke | oppdagar, geolog, polfarer |
Språk | russisk |
Nikolaj Urvantsev på Commons |
Liv og gjerning
endreI 1922, då han leia ein geologisk undersøkingsekspedisjon, fann Urvantsev leivingar etter Peter Tessem og Paul Knutsen. Dei to nordmennene forsvann sporlaust frå Roald Amundsen sin 1918-ekspedisjon. Urvantsev berga posten og dei vitskaplege data som dei to hadde samla. Dei verdfulle dokumenta låg forlatne på ei strand ved Karahavet, nær munningen av elva Zeledejeva.[1]
Åra 1930-32 utforska Urvantsev, saman med Georgij Usjakov, øygruppa Severnaja Zemlja og der dei oppdaga mange øyar. Sidan utforska han andre fjerne område av Russland; som Tajmyr og det sentralsibirske platået.
I 1933-34 sende det nydanna Glavsevmorput’ (=direktoratet for nordsjøruta) dampskipet Pravda til Nordvik ved Laptevhavet, på den aller første oljeleitingsekspedisjonen til Nord-Sibir. Dette vågestykket vart leia av Urvantsev, som reiste med Pravda i lag med kona si, Jelizsaveta Ivanovna. Ho var leiar for det medisinske hjelpeapparatet på ekspedisjonen.
Under stalinismen vart Urvantsev fleire gonger skulda for sabotasje. Han vart dømd og måtte sone i arbeidsleirane Karlag og Norillag.
Urvantsev vart reinvaska for skuldingane i 1954. Fram til han døydde var han styreleiar for avdelinga for arktisk geologi i Det vitskaplege forskingsinstituttet for arktisk geologi.
Urvantsev vart tildelt Leninordenen to gonger.
Notar
endre- ↑ William Barr, The Last Journey of Peter Tessem and Paul Knutsen, 1919
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nikolay Urvantsev» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mai 2012.