Tajmyr
- Sjå òg Tajmyrøya, Tajmyrhalvøya og Tajmyrsjøen.
Tajmyr[a] var eit sjølvstyrt distrikt (okrug) i Russland fram til 1. januar 2007. Det vart òg kalla Dolgan-Nenetsia. Det var del av Krasnojarsk kraj, men samstundes eit av dei 88 føderasjonssubjekta i den russiske føderasjonen. Hovudstaden var Dudinka, arealet var 862 100 km² og innbyggjartalet var 39 400 (2005). Etter ei folkerøysting 17. april 2005 slutta Tajmyr og Evenkia frå 1. januar 2007 å eksistera som eigne føderasjonssubjekt. Området er no ein vanleg rajon (kommune) – Tajmyr rajon – i Krasnojarsk kraj. Ved folketeljinga i 2010 var innbyggjartalet 34 400.
Tajmyr | |||
Таймырский автономный округ | |||
okrug | |||
|
|||
Land | Russland | ||
---|---|---|---|
Region | Aust-Sibir | ||
Del av | Den sibirske føderasjonskrets | ||
Hovudstad | Dudinka | ||
Areal | 862 100 km² | ||
Folketal | 4 122 (1860)[1] | ||
Språk | russisk | ||
Tidssone | UTC +7 | ||
Bilnummer | 84 | ||
Tajmyr 69°24′00″N 86°11′00″E / 69.4°N 86.183333333333°E | |||
Tajmyr på kartet over Russlandi 2005.
| |||
Wikimedia Commons: Taymyria |
Tajmyr omfatta Tajmyrhalvøya og nærliggjande delar av det eurasiske fastlandet, pluss øygruppa Severnaja Zemlja nord for fastlandet. Det nordlegaste punktet på Tajmyrhalvøya er det nordlegaste punktet på det eurasiske fastlandet. Byen Norilsk, som geografisk ligg i Tajmyr, var ikkje ein del av distriktet Tajmyr, men direkte underlagt Krasnojarsk kraj. Heile territoriet ligg nord for polarsirkelen. Det høgste punktet er 1146 meter over havet. Største elva er Jenisej. Middeltemperaturen i januar er –32 grader celsius, i juli frå +2 til +13 grader celsius.
Ved folketeljinga i 2002 oppgav 58,6 % å vera av russisk nasjonalitet og 6,1 % ukrainsk. Urinnvånarane i området er dolganar (13,9 %), nenetsar (7,7 %), nganasanar (1,9 %) og evenkar (0,8 %). Einaste byen i Tajmyr er hovudstaden Dudinka. 66,2 % av ibuarane bur i tettbygde strøk.
Dei første russarane kom til Tajmyr rundt midten av 1500-talet. Den første russiske busetjinga i Dudinka vart etablert i 1667. Det autonome området vart oppretta 10. desember 1930.
Merknader
endreKjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 «Программа социально-экономического развития муниципального образования «Городское поселение Дудинка» на период до 2011 года» (PDF).
- ↑ 2,0 2,1 2,2 «Стратегия социально-экономического развития муниципального образования «Город Дудинка» на период до 2030 года» Check
|url=
value (hjelp) (PDF). - ↑ 3,0 3,1 3,2 «Объединение Таймырского (Долгано-Ненецкого) и Эвенкийского автономных округов в составе Красноярского края: история изменения статусов и оценки в СМИ».
- ↑ 4,0 4,1 4,2 «Таймырский (Долгано-Ненецкий) автономный округ».
- ↑ 5,0 5,1 5,2 «Большая советская энциклопедия (БСЭ) Таймырский (Долгано-Ненецкий) национальный округ».
- ↑ 6,00 6,01 6,02 6,03 6,04 6,05 6,06 6,07 6,08 6,09 6,10 6,11 6,12 6,13 6,14 6,15 6,16 6,17 6,18 6,19 6,20 6,21 6,22 6,23 6,24 6,25 6,26 6,27 6,28 6,29 6,30 6,31 6,32 6,33 6,34 6,35 «Численность постоянного населения на 1 января (человек) 1990-2013 года».