Nilosahariske språk

Nilosahariske språk er ei gruppe av afrikanske språk som blir snakka hovudsakleg langs dei øvre delane av Chari og Nilen, og også i Nubia. Etter Merritt Ruhlen er det 11 millionar som snakkar nilosahariske språk (1987). Det er stor språkleg variasjon internt i språkfamilien, langt meir enn t.d. i den indoeuropeiske språkfamilien, og større enn for niger-kongo-språka. Eksistensen av denne språkfamilien er kontroversiell, historiske lingvistar har i liten grad arbeidd på familien som heilskap, og fleire har avvist at det er ein slik familie. Særleg kontroversiell er standpunktet at Songhay-språka skulle vere i slekt med (dei andre) nilosahariske språka. Språkfamilien er etablert av Joseph Greenberg, framforalt på grunnlag av ordforrådet i dei moderne språka.

Nilosahariske språk
Område: Sentral-Afrika, Nord-Sentral-Afrika og Aust-Afrika
ISO 639-2/5: ssa
ISO 639-5: ssa


Kart som viser utbreiinga av dei nilo-sahariske språka.

Etter Joseph Greenberg i The Languages of Africa, med modifikasjonar gjort av Lionel Bender, kan dei nilosahariske språka delast inn på denne måten (ei inndeling vi også finn hos Ethnologue):

  1. Komuzspråk
  2. Sahariske språk (med kanuri)
  3. Songhayspråk
  4. Furspråk
  5. Mabanspråk
  6. (Chari-Nilspråk - (seinare forkasta, slik at dei fire undergruppene nedanfor no blir sett på som hovudgreiner på line med dei andre hovudgreinene)
    1. Sentrale sudanske språk
    2. Kunama
    3. Berta
    4. Austlege sudanske språk (med nubiske språk og nilotiske språk)

Ethnologue er samd med Anbessa Tefera og Peter Unseth og ser shabo som eit nilosaharisk språk, utan å vere i stand til å setje det inn i subklassifiseringa. Christopher Ehret ser shabo som eit isolat.

Nokre, t.d. Roger Blench ser kaduspråka (også kalla kaduglispråk eller tumtum) som nilosaharisk, mens andre følgjer Greenberg og klassifiserer dei som kordofanske språk, eller Ehret i å sjå dei som ein isolert familie. Det har også vore framlegg om å sjå mande som nilosaharisk språk (mandespråka blir vanlegvis sett på som niger-kongo-språk), særleg fordi det har fellestrekk med songhay.

Det utdøydde meroitisk i det gamle kongedømmet Kush har vorte sett på som ein mogleg medlem av nilosaharisk; men vi veit for lite om språket til å vere i stand til å klassifisere det.

Framlegg til slektskap mellom nilosahariske språk prøver gjerne å knyte nilosaharisk til niger-kongo-språka: Gregersen (1972) grupperer dei to i lag til ein familie Kongo-Sahara-språk, mens Blench (1995) gjer framlegg om at niger-kongo kan vere ei undergruppe av nilosaharisk (på line med sentrale sudanesiske språk. Desse teoriane har ikkje fått gjennomslag.

Underklassifisering

endre

Bender 1997

endre

Lionel Bender klassifiserer språka slik:

  1. Songayspråk
  2. Saharanspråk
  3. Kuliakspråk
  4. «Satellite-Core» (Namnet på denne greina er meiningslaust):
    1. Mabanspråk
    2. Furspråk
    3. Berta
    4. Kunama
    5. Sentrale nilosahariske språk
      1. Austlege sudanske språk
      2. Sentralsudanske språk
      3. Komuzspråk
      4. Kaduspråk

Ehret 2001

endre

I rekonstrueringa si av nilosaharisk klassifiserer Christopher Ehret språka slik:

Bibliografi

endre
  • Lionel Bender, 1997. The Nilo-Saharan Languages: A Comparative Essay. München.
  • Christopher Ehret, 2001. A Historical-Comparative Reconstruction of Nilo-Saharan. Köln.
  • Joseph Greenberg, 1963. The Languages of Africa (International Journal of American Linguistics 29.1). Bloomington, IN: Indiana University Press.

Slektskap med andre språkfamiliar

endre
  • Roger Blench. «Is Niger-Congo simply a branch of Nilo-Saharan?», in ed. Nicolai & Rottland, Fifth Nilo-Saharan Linguistics Colloquium. Nice, 24-29 August 1992. Proceedings. (Nilo-Saharan 10). Koeln: Koeppe Verlag. 1995. pp.36-49.
  • Edgar Gregersen. «Kongo-Saharan». Journal of African Languages, 11, 1:69-89. 1972.

Kjelder

endre

Bakgrunnsstoff

endre