Nils Eyde

norsk politikar

Nils Eyde (16. juli 183916. august 1891) var ein norsk kjøpmann, skipper og stortingsmann frå Flekkefjord. Jacob Eyde var bror hans.

Nils Eyde
Fødd18. juli 1839
Død16. august 1891 (52 år)
Statsborgar avNoreg
Yrkepolitikar
Alle verv

Eyde var son til ein kjøpmann og skipsreiar. Sjølv vart han student 1859, og tok styrmann- og skippereksamen fem år seinare. Frå 1870 var han kjøpmann, skipsreiar og forsikringsagent i fødebyen. Med åra fekk han i tillegg postar som losoldermann, hamnefut og innrulleringsbetjent..

Eyde var medlem av bystyret frå 1879 og sparebankdirektør frå 1886. Han møtte på Stortinget fyrste gongen 30. april, som varamann for Elias Didrichsen. Perioden 1889-91 var han Flekkefjord sin representant på Stortinget, der han var medlem av næringskomite nr 2.

Han døydde i Flekkefjord i 1891.

Kjelder endre

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914