Elias Didrichsen

Elias Didrichsen (12. januar 182418. april 1888) var ein lærar, kjøpmann og stortingsmann frå Moi i Rogaland. Didrik Sigbjørnsen var far hans.

Elias Didrichsen
Fødd12. januar 1824
Moi
Død18. april 1888 (64 år)
Statsborgar avNoreg
PartiHøgre, Venstre
Yrkepolitikar, lærar
FarDidrik Sigbjørnsen

Didrichsen vart seminarist frå Holt seminar i 1842, Dei neste tre åra var han privatlærar i Sokndal. I 1845 vart han tilsett som førstelærar ved folkeskulen i Flekkefjord, ei stilling han hadde til han i 1873 vart styrar og rekneskapsførar for brennevinssamlaget i byen. Han var medlem av bystyret frå 1851 til han døydde, i til saman fjorten år var han ordførar. Forlikskommisær frå 1867.

Didrichsen representerte Flekkefjord på Stortinget periodane 1871-76 og 1880-88. Både 1871-73, 1874-76 og 1880-82 var han medlem av kyrkjekomiteen, sekretær 1876 og 1880-82. Dei to siste valperiodane på Stortinget var han medlem av næringskomite nr 2.

Våren 1888 døydde han i Kristiania under stortingsopphaldet.

KjelderEndra