Nils Hønsvald

norsk politikar

Nils Hønsvald (4. desember 189924. november 1971) var ein norsk pressemann og politikar fødd i Horten. Han representerte ArbeidarpartietStortinget i 24 år. I ni av åra var han parlamentarisk leiar, dessutan statsråd 1948-50.

Nils Hønsvald

Nils Hønsvald i 1948
Fødd4. desember 1899
Horten kommune
Død24. november 1971 (71 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, redaktør
Alle verv

Liv og gjerning endre

Hønsvald var son til ein gardsstyrar i Sem i Vestfold. Sjølv gjekk han skuleåret 1916/17 den kommunale handelsskulen i Sandefjord og var kontorist til 1919. Dei neste åtte åra var han avismann i fleire byar på Austlandet; Sandefjord, Larvik, Sarpsborg, Oslo og Hamar. Frå 1927 var han redaktør av Østfold Arbeiderblad. I 1929 fekk han jobben som redaktør av Sarpsborg Arbeiderblad, ei stilling han formelt hadde heilt fram til 1969. Under 2. verdskrigen var han aktiv i motstandsarbeidet, og redaktør for den illegale avisa Giv akt. Han vart arrestert og sat fengsla både i 1941 og frå desember 1944 til frigjeringa.

Frå hausten 1945 til 1969 representerte Hønsvald Arbeidarpartiet på Stortinget. I fyrste omgang var han med i Protokollkomiteen. Frå januar 1948 til september 1950 var han så forsyningsminister i Einar Gerhardsens andre regjering. Etter han steig ut av regjeringa var han medlem av Justiskomiteen resten av valperioden. I 1954-sesjonen var Hønsvald medlem av Utanrikskomiteen. Dei neste fire sesjonane var han atter medlem i Protokollkomiteen, dernest var han med i Administrasjonskomiteen ut 1960/61-sesjonen. Fireårsperioden 1961-65 sat han i Militærkomiteen, sidan var han formann i Militærkomiteen/Forsvarskomiteen den siste fireårsbolken han var stortingsrepresentant. Valbolken 1961-65 var han elles president i Lagtinget, og bolken 1965-69 president i Odelstinget.

Frå 1955 til 1964 var Hønsvald parlamentarisk leiar i Arbeidarpartiet. Det var i denne perioden omgrepet «Den Hønsvaldske parlamentarisme» oppstod. I samband med at det i 1959 vart reist mistillitsforslag mot Arbeidarparti-regjeringa etter våpenleveransar til Cuba, eit land i borgarkrig, kom Hønsvald med ein uttale som opposisjonen i Stortinget tolka som ei tilsidesetjing av Stortinget som maktorgan.

Hønsvald var styreformann i Rikstrygdeverket frå 1946 til 1969, og hadde mange offentlege maktposisjonar i åra etter andre verdskrigen.

Kjelder endre