Nils Christian Ihlen Hansen (4. februar 18254. juli 1885) var ein norsk postmeister og stortingsmann frå Drammen.

Nils Hansen
Fødd 4. februar 1825
Drammen
Død

4. juli 1885 (60 år)
Kristiania

Yrke politikar, postmester

Hansen var son til ein handelsmann. 16 år gammal fekk han seg arbeid som betjent ved postkontoret i heimbyen, frå 1848 hadde han same stilling ved Christiania postkontor. Han var postmeister i Holmestrand frå 1860. Hansen var medlem av bystyret i Holmestrand, ordførar 1867-68, 1870-75 og 1877.

Hansen representerte Holmestrand på Stortinget frå 1868 til 1885. Han var 1868-69 medlem av gasje- og pensjonskomiteen og 1871-85 av vegkomiteen. Tida 1880-85 var han også medlem av Lagtinget. 1885-sesjonen var han med berre ei kort tid, grunna sjukdom. Same sommaren døydde han i Kristiania.

KjelderEndra