Nils Holbek (24. desember 188310. desember 1969) var ein norsk redaktør, gardbrukar og politikar frå Holum i Vest-Agder. Han var stortingsrepresentant frå valkrinsen Vest-Agder for partiet Venstre frå 1937 til 1945.

Holbek var son til ein gardbrukar. Sjølv gjekk han amtsskulen 1900/01 og Framnes ungdomsskule i Hardanger 1902/03. Etter eit par år som handelsbetjent, dreiv han landhandel i tida 1910-21. Han var elles gardbrukar og frå 1922 til 1940 redaktør av bladet Samleren som kom ut i Mandal. Frå 1940 på ny kjøpmann i heimbygda.

Holbek var med i heradsstyret i Holum frå 1913 til 31, 1934-40 og frå 1945. Han var ordførar 1919-22, 1925-31 og 1945-?. Jamsides var han formann i forliksrådet frå 1929, elles engasjerte han seg i fråhaldsrørsla. Ved stortingsvalet 1936 fekk han plass på stortinget, der han vart medlem i Veg- og jarnbanekomiteen.

Kjelder endre