Opna hovudmenyen

Nils Jønsberg (12. august 180828. april 1885) var ein norsk prest, ordførar og stortingsmann frå Romedal i Hedmark.

Nils Jønsberg
Fødd 12. august 1808
Død

28. april 1885

Yrke prest, politikar

Jønsberg var son til ein storbonde. Sjølv vart han student frå Christiania katedralskole i 1827 og cand. theol. i 1831. Han var deretter personellkapellan i Drøbak og lærar ved borgarskulen der. Frå 1835 var han sokneprest i Karlsøy. Sidan var han 1842-55 sokneprest i Skjerstad, 1855-68 i Skogn og 1868-81 i Stokke i Vestfold.

Jønsberg var 1. representant frå Finmarkens amtStortinget i 1842, valkrinsen omfatta både dagens Troms og Finnmark fylke. Han var medlem av budsjettkomiteen. Til Stortinget 1851 hamna han på 2. varamannsplass frå Nordlands amt. Han var ordførar i Skjerstad 1844-48 og 1852-55.

Han døydde i Kristiania i 1885.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914