Nils Kristen Sandtrøen
norsk politikar
Nils Kristen Sandtrøen (fødd 2. februar 1989) er ein norsk politikar frå Tynset. Han har sidan 2017 representert Hedmark og Arbeidarpartiet på Stortinget.
Nils Kristen Sandtrøen | |||
Fødd | 2. februar 1989 (35 år) Tynset kommune | ||
---|---|---|---|
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Arbeidarpartiet | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Sandtrøen var aktiv i AUF og deltok i 2011 på fylkinga sin sommarleir på Utøya. Han overlevde terroråtaket ved å symje frå øya. Sidan var han journalist i Aftenposten og i Arbeidets Rett, samt 2014-15 rådgjevar for stortingsgruppa til Arbeidarpartiet. Hausten 2015 vart han vald til kommunestyremedlem i Tynset, og deretter varaordførar 2015-17 for Tynset.
Gjennom stortingsvalet 2017 fekk Sandtrøen plass på Stortinget, attvald i 2021. Perioden 2017-21 hadde han sete i Næringskomiteen.