Nils L. Landmark
- For forfattaren, sjå Nils Landmark (1844–1923).
Nils L. Landmark (11. mars 1775–29. oktober 1859) var ein norsk embetsmann og stortingsmann. Andreas Landmark var ein eldre bror.
Nils L. Landmark | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 11. mars 1775 Oslo |
Død |
29. oktober 1859 (84 år) |
Yrke | sorenskrivar, grunneigar, politikar |
Språk | norsk |
Landmark var fødd i Christiania, faren var ein kunstvevar innvandra frå Sverige. Sjølv vart han for ein stor del oppfostra hos sorenskrivaren J.D. Stub i Nordfjord. Han tok i 1797 juridisk eksamen i morsmålet i København. Deretter styrte han embetsforretningane til sorenskrivar Stub i Nordfjord til denne døydde i 1802. 1808 vart han utnemnd til sorenskrivar i Sunnfjord, eit embete han allereie hadde styrt ei tid. I si lange embetstid, han tok avskjed i 1852, verka han for fremjing av landbruket. Sin eigen gard, Tysse i Holmedal, dreiv han som eit mønsterbruk med treplanting, fruktdyrking og oppdyrking av myr.
Landmark var 2. representant frå Nordre Bergenhus på Stortinget 1821 og omframstortinget 1822. I 1821 var han sekretær i Stortinget og visesekretær i Odelstinget. Han var medlem av 15 komitear, formann i to av dei og sekretær i fem andre. Mellom anna var han formann i komiteen om utskiftingslova og sekretær i redaksjonskomiteen og i komiteane om tukthus i Nordlands amt, om Tromsø seminar og allmugeskulestellet. På omframstortinget 1822 var han sekretær i både Stortinget og i redaksjonskomiteen, dessutan medlem av komiteen om skatterestansar og om slottsbygninga.
Gardsdagbøker
endreFylkesarkivet i Sogn og Fjordane har digitalisert dagbøkene Nils Landmark skreiv om gardsdrifta på Tysse, og publisert dei på heimesida. Dagbøkene dekkjer åra 1813-1842, og dei ligg også tilgjengeleg på Arkivportalen.[1]
Bibliografi
endreBøker
endre- «Nils Landmark: Dag Journal paa Tøsse 1813-1822, Nils Landmark: Dagbog paa Tysse 1823-1834, Nils Landmark: Dagbog 1835-1835, Nils Landmark: Dagbog paa Tysse 1836-1841, Nils Landmark: Dagbog 1842-1842». Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane. Henta 28.4.2016.
I tidsskrift - eit utval
endreKjelder
endre- ↑ Snorre Øvrebø, tidlegare fylkesarkivar ved Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, har skrive artikkelen Nils Landmark sine dagbøker - gardshistorie frå Fjaler, publisert i tidssskriftet Kjelda nummer fire i 1991.
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff
endre- Om Nils Landmark i Lokalhistoriske artiklar Sogn og Fjordane
- Gravminner
- Biografisk informasjon om Nils L. Landmark NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
- Landmark, Nils (Arkiv frå Arkivportalen)
- «Nils L. Landmark». Allkunne : levande leksikon. Henta 22.4.2016.