Andreas Landmark
Andreas Landmark (14. april 1769–4. desember 1839) var ein norsk embetsmann og stortingsmann.
Andreas Landmark | |||
| |||
Fødd | 14. april 1769 Oslo | ||
---|---|---|---|
Død | 2. desember 1839 (70 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar | ||
Barn | Jens Landmark, Andreas Landmark | ||
Alle verv |
|
Landmark var fødd i Kristiania, faren var ein kunstvevar innvandra frå Värmland i Sverige. Frå han var 13 år gammal, voks han opp hos ein morbror i Aurskog. I vaksen alder var han fullmektig hos sorenskrivar i Sunnfjord og i Nordfjord. Frå 1804 til 1829 var han fut i Sunnmøre. Han var far til Jens Landmark, og bror av Nils Landmark.
Landmark var 1. representant frå Romsdals amt på Stortinget 1821 og på overordentleg storting 1822. I 1821 var han medlem av 12 komitear, formann i fire av dei. Han var formann i komiteane om fisket i Borgundfjorden, om fisket ved Skudenes, om garnfisket på Kaurås og om hummarfisket. Elles var han sekretær i fem andre komitear, og mellom anna medlem av komiteen om kjøpstad i Ålesund.
Heile embetstida som fut budde Landmark på garden Brandal i Hareid. Der døydde han i 1839. I Brandal sentrum vart det hausten 1977 avduka bauta til minne om Landmark.[1]
Kjelder
endre- ↑ Tidsskrift for Sunnmøre Historielag. Utgjeve av Sunnmøre Historielag, Sunnmøre Museum og Aalesunds Museum,1998
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914