Nils Motsfeldt Magerøy (25. mars 188322. oktober 1961) var ein skulemann frå ÅlvundeidNordmøre. Han var far til Hallvard Magerøy og bror til Arne Magerøy.

Nils Magerøy tok eksamen ved lærarskulen i Volda i 1906. Dei neste sju åra var han sjølv lærar på den same skulen. Der etter var han lærar i eitt år på Sunnhordland fylkesskule og i fire år på Møre ]ungdomsskule i Borgund kommune. Frå 1918 til -27 styrde han Oppdal ungdomssskule, og var så lærar 1928-31 på Øystese framhaldsskule. Til sist arbeidde han 1931-48 i folkeskulen og på lærarskulen i Volda.

Saman med broren Arne Magerøy gav han i 1943 ut Gamle visor og kvedor. Seinare skreiv han Leidetråd i Luthers katekisme og han omsette barneboka Sagan hans Hjalta litla (Vesle Hjalti) av Stefán Jónsson til nynorsk frå islandsk.

Nils Magerøy døydde og er gravlagd i Volda.

KjelderEndra