Øystese er ein tettstad og eit sokn ved Hardangerfjorden i Kvam herad, om lag 7 km aust for Norheimsund. Fylkesveg 7 går gjennom bygda.

Øystese
tettstad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Kvam
Areal km²
Folketal 0  (2023)
Folketettleik Divisjon med null / km²
Postnummer 5604 ØYSTESE
Preposisjon i Øystese
Kart
Øystese
60°23′17″N 6°11′33″E / 60.388055555556°N 6.1925°E / 60.388055555556; 6.1925
Wikimedia Commons: Øystese, Kvam
Kabuso
Ingebrigt Vik-museet
Fyksesundbrua
Gravlegging ved Øystese kyrkje. Bilete frå slutten av 1800-talet.

Kultur

endre

I Øystese ligg skulpturmuseet etter bilethoggaren Ingebrigt Vik, og kunst- og konserthallen Kabuso som er tusenårsstadi Hordaland.

Natur og friluftsliv

endre

Fire kilometer nord for tettstaden ligg Skårsvatnet med fem fiskeartar: Gullvederbuk, karuss, aure, ål og trepigga stingsild. Vatnet har ei flatevidde på 82 dekar og ligg 113 meter over havet. Gullvederbuk og karuss vart utsett i vatnet i 1914,[treng kjelde] og førstnemnde har gjort Skårsvatnet kjent som "Gullfiskvatnet".

Øystese tettstad

endre
Folketalsutvikling i Øystese tettstad
År Innbyggjarar
1920
  
100
1930
  
109
1946
  
271
1950
  
233
1960
  
982
1970
  
1 459
1980
  
1 641
1990
  
1 483
2000
  
1 626
2009
  
1 758
2012
  
1 881
Kjelder:

Øystese sokn

endre

Øystese sokn har om lag 2 750 (2013) innbyggjarar og femnar om dels sjølve tettstaden med omgjevand, dels bygdene runt Fyksesund, og i tillegg Kvamsøy ute i Hardangerfjorden. Tidlegare høyrde også Ålvik til Øystese, men det er i dag eit eige sokn.

Kjende personar frå Øystese

endre