Nils Kristian Nilsson Mjaavatn (17. august 188319. oktober 1951) var ein norsk lærar, gardbrukar og politikar frå Vefsn. Han representerte BondepartietStortinget i tida 1928-45.

Nils Mjaavatn
Fødd 17. august 1883
Død

19. oktober 1951

Yrke politikar, bonde

Mjaavatn var son til ein gardbrukar. Etter å ha gått framhaldsskule og Vefsn folkehøgskole, tok han i 1906 eksamen ved Sandvik landbruksskule på Nordmøre. Sidan tok han eksamen ved lærarskulen på Elverum i 1909, og fekk omgåande lærarpost heime i Vefsn. Han tok over og dreiv farsgarden Mjåvatn frå 1913, men stod også i læraryrket til 1920.

Mjaavatn var varaordførar i Vefsn 1914-16, ordførar 1929-25 og seinare heradstyremedlem i to valperiodar. I si tid var han medlem i liknings- og overlikningsnemnda i heradet, og styremedlem i Vefsn Sparebank. Frå 1927 var han landsstyremedlem i Bondepartiet. Hausten 1927 vart han vald til å representere Nordland fylke på Stortinget. Med attval dei tre neste stortingsvala vart han verande stortingsmann til 1945. Åra 1928-36 var han sekretær i Post-, telegraf- og kystfartskomiteen, sidan medlem 1937-45 i same komite.

Gjennom ca 25 år var Mjaavatn fylket sin tilsynsmann for Nordlandsbanen, men avsett under okkupasjonen av Noreg. Elles var han medlem i Den departementale Neskomite av 1921, i Komiteen om overflatedyrking av 1929 og i Skogadministrasjonsnemnda av 1948. Frå 1938 var han styremedlem i Det norske Skogselskap, og i mange år medlem i styret for A.s Nes Trælastbrug.

KjelderEndra