Nils N. Finnøy motorfabrikk

(Omdirigert frå Nils N. Finnøy)

Nils N. Finnøy motorfabrikk vart stifta av Nils N. Finnøy, som i 1903 laga den fyrste motoren på Finnøya utanfor Molde[1]. Dei fyrste motorane var firetakts forgassarmotorar, men etter ei stund gjekk han over til firetakts glødehovudmotorar og i 1906 gjekk han over til totakts glødehovudmotorar[1]. Dei fyrste åra dreiv Finnøy produksjon i liten skala i ei smie, men rundt 1910-1912 var etterspurdnaden så stor at produksjonen var utvida og i 1915 vart det bygd eige jarnstøyperi[1]. Medan Finnøy i starten produserte småmotorar vart det etter kvart utvikla større motorar og skal ha vore den fyrste norske båtmotorprodusenten som produserte motorar på over 100 hk. I 1918 vart den fyrste norskproduserte firesylindra motoren produsert[1]. Finnøy var òg den siste norske produsenten av glødehovudmotorar. Produksjonen heldt fram heilt til 1975. Den største motoren var på 360 hk.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Finnøy, Semidiesel.no