Nils Rasmussen
Nils Sevrinsson Rasmussen (1853–1923) var ein norsk skipsførar frå Ålesund.
Nils var eldst av dei åtte borna til Sevrin Rasmusson Bjørgeholm og Karen Nilssdotter Humla, eit ektepar som slo seg ned i Steinvågen i ytre del av den unge byen Ålesund. Kort tid etter han vart konfirmert gjekk Nils til sjøs. Han byrja som dekksgut, vart etter ganske få år skipper. I «mange aar gik han i botlenosefangst herfra, førte "Britannia", "Skirner" og flere skuter». Seinare gjekk han «atter i koffardifart, og førte i længere tid skibe" mellom Frankrike og England under den fyrste verdskrigen.[1] På sin eldre dagar kjøpte han fiskeværet Skarvåg i Bø i Vesterålen. Straks før jul 1923 reiste han dit frå Ålesund, døydde brått.
Nils Rasmussen var gift med Petra Sivertsdotter Paulsen (1858-1928) frå Sokndal i Rogaland. I tida frå 1883 til 1903 vart dei foreldre til åtte born: Kamilla, Johanne, Nelly, Sevrin, Paul, Einar, Marie og Ågot. I 1900, før bybrannen 1904, budde familien i Brunholmgata. År 1920 heldt familien til i Steinvågvegen.