Nils Andreas Ringdal (fødd 22. oktober 1920 i Ålesund, daud 23. juni 1981) var ein norsk flygar under og etter andre verdskrigen.

Nils Ringdal
NilsRingdal.jpg
Fødd22. oktober 1920
Død23. juni 1981

Ringdal fekk flygaropplæring på det aller første kullet ved Little Norway i Canada. Etter end opplæring var han ved 332 skvadron frå denne vart oppretta i Catterick i 1942. I august 1943 forlét han skvadronen for ein kvileperiode. Han var då rykka opp til flightsjef og kaptein. Etter kvilen vart han i mai 1944 flightsjef i 331 skvadron. I mars 1945 vart han major og skvadronsjef ved same skvadron.

Etter krigen gjekk Ringdal inn i den sivile luftfarten. I 1946 byrja han som styrmann i SAS, der han vart kaptein året etter. I januar 1948 vart han som kaptein i Braathens SAFE, der han jobba fram til han gjekk av på 60-årsdagen sin i 1980. Dei siste åra var han direktør for driftsavdelinga.[1]

Prisar og utmerkingarEndra

For innsatsen sin under andre verdskrigen vart Ringdal tildelt St. Olavsmedaljen med eikegrein.[2] Av britane vart han blant anna tildelt Distinguished Flying Cross.[3]

FotnotarEndra

  1. Aftenposten 22. oktober 1980, 25. juni 19981
  2. Krigskorset og St. Olavsmedaljen med ekegren. Oslo: Grøndahl Dreyer. 1995. s. 199. ISBN 8250421906. 
  3. Guhnfeldt, Cato: Spitfire Saga. Felttoget i England/Frankrike/Belgia; Bind VI, s. 293. 2016, Wings. ISBN 9788299807159
  • Denne artikkelen bygger på nb:Nils Ringdal frå Wikipedia på bokmål 27. januar 2019

BakgrunnsstoffEndra