Nils T. Bjørke

politikar og bonde

Nils Torsteinsson Bjørke (fødd 9. mars 1959) er ein gardbrukar og politikar frå Voss. Han var 2009-14 leiar i Norges Bondelag og 2017-21 stortingsrepresentant frå Hordaland, vald for Senterpartiet.

Nils T. Bjørke

Fødd9. mars 1959 (65 år)
Voss herad
Statsborgar avNoreg
PartiSenterpartiet
Yrkepolitikar, bonde
Alle verv

Bjørke tok over farsgarden på Voss, og dreiv mjølkeproduksjon og avl av travhest. Bjørke var eitt år nestleiar i Norges Bondelag, deretter leiar av organisasjonen frå 2009 til 2014. I 2017 vart han vald inn på Stortinget for Senterpartiet i Hordaland. På Tinget var han medlem i Kontroll- og konstitusjonskomiteen og fjerde visepresident.

Bjørke er dotterson til Karen Grønn-Hagen og oldebarn av Olav J. Bjørgum.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre