Olav J. Bjørgum

norsk politikar

Olav Josefsson Bjørgum (24. august 186118. oktober 1954) var ein norsk gardbrukar, bankleiar og politikar frå Voss i Hordaland. Han var medlem av Bondepartiet, stortingsmann 1922-27.

Olav J. Bjørgum
Fødd24. august 1861
Voss
Død18. oktober 1954 (93 år)
Statsborgar avNoreg
PartiVenstre
Yrkebonde

Bjørgum gjekk amtsskulen i Utne, folkehøgskule i Sogndal og Hambros skole i Bergen. I si tid tok han over farsgarden, og dreiv denne jamsides fleire framståande tillitsyrke. Han var styreformann («direktør») i Voss Veksel- og landmandsbank 1899-1909, i Voss Sparebank 1920-42 og i Vestlandske Salslag 1920-46. Elles var han 1910-24 medlem i landsstyret for Norges Bondelag og 1930-45 formann i Hordaland Landbruksselskap.

Bjørgum var medlem av heradsstyret i Voss frå 1890, ordførar 1894-1907. Ved stortingsvalet hausten 1921 vart han vald til stortingsrepresentant for det nyss skipa Bondepartiet, og var medlem av Stortinget i to treårsbolkar, 1922-27.

KjelderEndra

  • Norsk Allkunnebok: II. bandet.