Nir Hen (hebraisk skrift נִיר חֵ"ן, tyder 'Enga til dei 58') er ein moshav i Hevel Lakhish sør i det sentrale Israel. Nir Hen høyrer til Lakhish regionale kommune.

Nir Hen
נִיר חֵ"ן
landsby
Namneopphav: Enga til dei 58
Land  Israel
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Lakhish
Koordinatar 31°36′35.27″N 34°42′55.07″E / 31.6097972°N 34.7152972°E / 31.6097972; 34.7152972
Folketal 397  (2008)[1]
Grunnlagd 1955–1956
 - Grunnlagd av Immigrantar frå Nord-Afrika
Kart
Nir Hen
31°36′35″N 34°42′55″E / 31.609797222222°N 34.715297222222°E / 31.609797222222; 34.715297222222

Nir Hen ligg kring 1 km vest for Shahar og 4 km vest for Kiryat Gat.

Moshaven vart grunnlagd i 1956. Namnet er til minne om dei 58 passasjerane som reiste på El Al rute 402 som vart skoten ned over Bulgaria kring eit år før busetnaden vart grunnlagd. Landsbyen vart opphavleg busett av av immigrantar frå Nord-Afrika, og seinare andre immigrantar og innfødde israelarar.

Kjelder endre

  1. «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2008. Henta 8. april 2015.