Njardar vikinglag

Njardar Vikinglag er ein organisasjon som jobbar med å formidle historie frå vikingtida.

Laget endre

Laget vart skipa 20. november 2005 og har base i Gudvangen. Njardar Vikinglag hadde i overkant av 100 betalande medlemmar per 2008. Dei gjev ut nyheitsbrevet Njardarnytt og har diskusjonsforum på Internett. Leiar er Georg Olafr Reydarsson Hansen. Laget er registrert i Brønnøysundregistra med org.nr. 989477129.

Aktivitetar endre

Medlemmane jobbar med å byggje ein vikinglandsby i Gudvangen, og kvart år arrangerer laget vikingmarknad i Gudvangen. Dei har også laga vikingbåten «Njardar». Laget held også kurs i gamle handarbeidsteknikker og bogeskyting med langboge. Dei held oppvising på vikingmarknadar og festivalar, museum og historiesenter i inn- og utland.

Bakgrunnsstoff endre

Omsett frå Bokmålswikipedia 27.02.2011