Nola

kommune i Italia

Nola er ein by og ein kommune i provinsen Napoli i regionen Campania i Italia. Kommunen har 34 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 39,2 km².

Domkyrkja i Nola

Nola ligg 34 meter over havet, ved foten av Vesuv, 35 km nordaust for Napoli. Næringsmiddelindustrien er den dominerande næringsgreina.

Der Nola ligg i dag, fanst det i bronsealderen ein landsby som for ca 3900 år sidan vart dekt av oske frå det såkalla Avellino-utbrotet til vulkanen Vesuv.

Under den andre puniske krigen forsvarte byen seg i åra 216-214 f.Kr., leia av den romerske generalen Marcus Claudius Marcellus, mot tre åtak frå hæren til Hannibal.

Nola var truleg ein av dei fyrste byane i Campania. På dei eldste myntane er byen kalla Nuvlana. Under romarriket var Pompeii var hamnebyen til Nola. Keisar Augustus oppheldt seg i eit palass i Nola då han døydde i 14 e.Kr.

Byen var biskopsete det andre hundreåret. Katedralen stammar frå 1400-talet.

I 1548 kom filosofen Giordano Bruno til verda i Nola.

Kjelder endre