Nominasjonane til Nordisk råds litteraturpris frå Åland

Nominasjonar til Nordisk råds litteraturpris frå Åland kom fyrste gong i 2011.

Ingen ålandske forfattarar har så langt vunne Nordisk råds litteraturpris

Bilete av biblioteket i Mariehamn

Sidan 1962 har Nordisk råd årleg delt ut Nordisk råds litteraturpris for eit litterært verk skrive på eit av dei nordiske språka. Frå starten i 1962 vart det årleg nominert to bøker frå kvart av landa Danmark, Finland, Island, Noreg og Sverige. Frå 1985 kan det òg nominerast éi bok årleg frå Færøyane, Grønland og det samiske språkområdet når det er aktuelle kandidatar. Åland er reint svenskspråklig og forfattarar frå øyane har tidlegare kunna blitt nominert gjennom dei finske nominasjonane, som vanlegvis er ei finskspråkleg og ei svensksspråkleg bok.

Nominasjonar til Nordisk råds litteraturpris frå Åland endre

2011 Sonja Nordenswan for Blygjest från eitt krossat världshus
2012 Leo Löthman for romanen Transportflotte Speer
2013 Ulla-Lena Lundberg for romanen Is
2014 Johanna Boholm for prosaforteljinga Bygdebok[1]
2015 Karin Erlandsson for romanen Minkriket[2]
2016 Carina Karlsson for romanen Mirakelvattnet[3]
2017 Johanna Boholm for prosalyrikkboka Jag är Ellen[4]
2018 Carina Karlsson for romanen Algot[5]
2019 Liselott Willén for romanen Det finns inga monster[6]
2020 Mikaela Nyman for diktsamlinga När vändkrets läggs mot vändkrets[7]
2021 Sebastian Johans for romanen Broarna[8]
2022 Karin Erlandsson for romanen Hem[9]

Kjelder endre

  1. «Nordisk råds litteraturpris: Nominerede 1962-2014» (på dansk). Nordisk råd. Arkivert frå originalen 22. februar 2015. Henta 5. april 2015. 
  2. «De nominerte til Nordisk råds litteraturpris 2015». Nordisk råd. Arkivert frå originalen 15. april 2015. Henta 5. april 2015. 
  3. «De nominerede til Nordisk Råds litteraturpris 2016». Nordisk råd. Arkivert frå originalen 11. juni 2016. Henta 11. september 2016. 
  4. «De nominerte til Nordisk råds litteraturpris 2017». Nordisk råd. Arkivert frå originalen 4. september 2017. Henta 4. september 2017. 
  5. «13 nominerede til Nordisk Råds litteraturpris 2018», www.norden.org (på dansk), henta 26. oktober 2022 
  6. «13 nominerede til Nordisk Råds litteraturpris 2019», www.norden.org (på dansk), henta 26. oktober 2022 
  7. «Her er de nominerte til Nordisk råds litteraturpris 2020», www.norden.org (på norsk bokmål), henta 26. oktober 2022 
  8. «Her er de nominerede til Nordisk Råds litteraturpris 2021», www.norden.org (på dansk), henta 26. oktober 2022 
  9. «Her er de nominerede til Nordisk Råds litteraturpris 2022», www.norden.org (på dansk), henta 26. oktober 2022