Noralf og Noralv er norske mannsnamn som har namnedag den 29. oktober.

Namna er sett saman av Nor-, som kan minna om Noreg, og -alf eller alv, namneledd av norrønt opphav. Noralf kan vera danna etter mønster av namn som Nora og Toralf.

Namnet har truleg oppstått i Noreg like før 1900. I folketeljinga frå 1900 var det registrert 18 brukarar av namna Noralf eller Noralv, dei fleste under fem år. I 2009 var det 201 norske menn som heitte Noralf og 45 som heitte Noralv.

Namneberarar

endre

Kjelder

endre