Nord-Elvåga
Nord-Elvåga (òg kalla Nordre Elvåga) er ein innsjø i Østmarka på grensa mellom kommunane Lørenskog i Akershus og Oslo. Turisthytta Mariholtet ligg på vestsida av Nord-Elvåga. Nord-Elvåga er i sør knytt saman med Sør-Elvåga via eit smalt sund. Over sundet går Skyttenbrua.
Nord-Elvåga | |||
innsjø | |||
Nord-Elvåga sommaren 2012
| |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Akershus, Oslo | ||
Kommunar | Lørenskog, Oslo | ||
Høgd over havet | 195 moh. | ||
Areal | 1,39 km² | ||
Kystlengd1 | 15,09 km | ||
Koordinatar | 59°52′41″N 10°54′33″E / 59.87806°N 10.90917°E | ||
Nord-Elvåga 59°52′41″N 10°54′33″E / 59.878055555556°N 10.909166666667°E | |||
Wikimedia Commons: Nord-Elvåga | |||
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. |
Elvvåga har vore brukt som drikkevatn sidan 1941, og tener om lag 10 % av innbyggjarane i Oslo. I 1964 vart det bygd ei 14 meter høg demning like sør for Mariholtet, noko som skil den delen av vatnet det er lov å bade i og den som vert nytta som drikkevasskjelde (førstenemnde vert kalla «Fri-Elvåga»).
I Ellingsrudelva i nordenden av vatnet har Elvåga sitt utløp.
Bakgrunnsstoff
endre- Nord-Elvåga i Markadatabasen Arkivert 2007-09-26 ved Wayback Machine.
- Elvåga på StovnerportenDenne geografiartikkelen som har med Viken og Oslo å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.