Østmarka er eit skogområde som ligg aust for Oslo. Området er ein del av Oslomarka og ligg i kommunane Oslo, Lørenskog, Rælingen og Enebakk. Østmarka er avgrensa i vest av busetnadane i Oslo, i nord av busetnadane rundt Skårer, Lørenskog og Rælingen, av innsjøen Øyeren i aust, Enebakk i søraust og Sørmarka i sørvest. I sør går Østmarka over til å verte Sørmarka ved innsjøen Langen.

Østmarka sett frå Kjerringhøgda og nordover.
Østmarka med radaren på Haukåsen (flyfoto 2015)

Østmarka er prega av at ho er danna av gammalt grunnfjell (meir enn 1000 millionar år gammalt) med tydelege foldingar som dannar dalar og åsar frå nord mot sør. Dette fører til at det vert mykje bakkar same kva veg ein tar.

Den siste istida har sett tydleg preg på Østmarka. Langs den øvre marine grensa (om lag 210 meter) har isen lagt igjen store mengder grus og sand. Sand, Sandbakken, Sandbekken og Grusbakken ligg på ganske same høgd. Sandtaka ved Ødegården er det isen som har danna. Det er funne strandsniglar ved Lutvann i 200 meters høgd.

Naturvernområde endre

Østmarka naturreservat er om lag 12,5 kvadratkilometer og vart freda første gong 21. desember 1990 og utvida ved kgl. res. 13. desember 2002. Føremålet med fredinga er å bevare eit større, relativt urørt og variert barskogområde med tilhøyrande plante- og dyreliv, som er typisk for denne delen av Oslomarka og som har særskilt vitskapleg og pedagogisk tyding. Størstedelen av reservatet ligg i Rausjømarka og er eigd av Oslo, Lørenskog og Rælingen kommune

Gardar, hytter og serveringsstader i Østmarka endre

Høgaste toppar endre

  1. Barlindåsen, Rælingen - 398 moh
  2. Bjørnåsen (Bjønnåsen), Rælingen - 396 moh
  3. Ramstadslottet, Rælingen - 394 moh,
  4. Hektnerhøgåsen • Rælingen 377 moh,
  5. Vardåsen • Enebakk 374 moh,
  6. Fageråsen • Enebakk 373 moh,
  7. Marikollen Rælingen 370 moh,
  8. Tonekollen • Enebakk 368 moh,
  9. Puttåsen • Oslo 363 moh,
  10. Svartåsen (•) Lørenskog 361 moh,
  11. Tronfjellet (•) Lørenskog 359 moh,
  12. Skarpdunderen Lørenskog 359 moh,
  13. Hengeberget • Enebakk 358 moh,
  14. Mortvassåsen • Lørenskog 358 moh,
  15. Haukåsen Oslo 357 moh,
  16. Haugerkollen • Lørenskog 353 moh,
  17. Snellås • Rælingen 350 moh,
  18. Kjerringhøgda • Enebakk 349 moh,
  19. Lisæterkollen • Lørenskog 349 moh,
  20. Langmyråsen Rælingen 346 moh,
  21. Mønekollen Lørenskog 346 moh,
  22. Linfjellet • Lørenskog 345 moh,
  23. Pipåsen • Enebakk 345 moh,
  24. Grinderkollen • Enebakk 345 moh,
  25. Sæterkollen Lørenskog 344 moh,
  26. Svartåsen • Enebakk 343 moh

(•) betyr at det trigonometriske punktet ikkje er plassert på det høgaste punktet på toppen.

Største vatn endre

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre