Nordahl Grieg videregående skole
Nordahl Grieg videregående skole er ein fylkeskommunal vidaregåande skule på Rå i Ytrebygda bydel i Bergen, opna i 2010. Skulen er namngjeve for å heidre diktaren og journalisten Nordahl Grieg (1902–1943), som var frå Bergen.
Skulen har ansvar for undervising i sosiale og medisinske institusjonar (SMI-skulen), og har ei eiga avdeling for elevar med spesielle behov og utfordringar knytet til nedsett høyrsle, ein knutepunktskule. Skulen tilbyr teiknspråk som 2. framandspråk som han einaste i fylket.
Skulen har inngått ei intensjonsavtale med Universitetet i Bergen om å vera praksisskule for forskning, og med NHO i forhold til å ha eit utstrakt samarbeid med næringslivet i Bergen. Skulen skal fokus på innovasjon, forskning og teknologi.
Skolebygningen er på 15000 rutemeter, med mellom anna idrettshall, kantine, bibliotek og eit stort såkalla læringstorg midt i bygningen, og dessutan fellesareal som elevane kan nytte til forsking og teknologi på tvers av utdanningsprogramma.
Undervisingstilbod
endreSkulen tilbyr følgjande utdanninger i skuleåret 2016-2017.
- Vg1 Helse- og oppvekstfaga
- Vg1 Media og kommunikasjon (ny ordning)
- Vg1 Studiespesialiserande
- Vg2 Barne- og ungdomsarbeidarfaga
- Vg2 Helsearbeidarfaga
- Vg2 Media og kommunikasjon (gammal ordning)
- Vg2 Studiespesialiserande
- Vg3 Media og kommunikasjon, studieførebuing (gammal ordning)
- Vg3 Studiespesialiserande
- Vg3 Påbygg til generell studiekompetanse
Bakgrunnsstoff
endre- Internettsida til skulen Arkivert 2016-02-17 ved Wayback Machine.