Norddal sparebank var ein norsk sparebank skipa ved årsskiftet 1870/1871 i Norddal på Sunnmøre. Banken opna 9.januar 1871 i kommunehuset på Sylte.[1] Verksemda gjekk opphavleg under namnet Nordalens (Prestegjelds) Sparebank. Banken gjekk i 1985 inn i samanslutninga Sparebanken Møre. Frå før eksisterte Eidsdalens Spareskillingsbank, den vart nedlagt i 1874 til beste for Norddal sparebank og det vilkår at den nye sparebanken skulle flytte mellom Valldal og Eidsdal. Det var kommunen som opphavleg søkte om løyve til å skipe bank og planen for den nye banken vart godkjent av Finansdepartementet 30.august 1870. Frå byrjinga var banken open første laurdag i månaden, etter nokre år var laurdag fast bankdag. I lang tid vart direktørane (direksjonen) i banken utpeikt av forstandarskapet etter retningslinjer for fordeling mellom bygdene og etter forslag frå formannskapet. I 1904 var det vel 1000 innskytarar, medan det i 1925 passerte 2000 innskytarar. I dei første tiåra hadde sparebanken ein rentemargin på 0,5 % (utanbygds låntakarar måtte svare 0,5 % i tillegg til dette). Rundt 1930 var rentemarginen på opp mot 1 %.

Banken hadde i 60 år kontor i eit trehus i Syltegata, først i 1904 vart det sett opp eit kvelv i mur og betong. I 1932 stod bankens nybygg, ei stor murbygning, på Sylte klart. No heldt banken til i eine fløya av kommunehuset på Sylte og «Gamlebanken» (bygget frå 1932) tener mellom anna som redaksjonslokale for Storfjordnytt.

Saman med sju andre sparebankar lånte Norddal sparebank 1 million kroner til det nyskipa Tafjord kraftselskap 1918. I 1921 engasjerte banken seg også i Hoelsfossen kraftverk i Valldal. Banken deltok også i finansieringa av vegen mellom Dyrkorn og Stordal på 1950-talet, og vegen Eidsdal (Ytterdal) til Dalsbygda.

Banken hadde jamt 1800 til 2000 innskytarar. Nøkkeltal i nominelle kroner:

År Forvaltning Utlån Innskotsrente
1871 12.698 12.310 5 %
1880 101.101 100.022 5 %
1890 161.489 160.393 3,5 %
1900 292.528 272.543 4 %
1910 555.803 502.321 4,5 %
1920 1.794.830 1.615.812 6 %[2]
1930 1.928.046 1.424.369 3,5 %
1940 1.810.602 1.355.918 3 %
1950 4.160.493 1.699.256 1,5 %
1960 7.600.568 4.814.338 2,5 %
1969 17.005.542 11.461.723 3 %

KjelderEndra

  1. Ytterdal, Per (1970): Norddal Sparebank 1871-1971.
  2. Renta var ustabil denne tida, Ytterdal (1971) s.78.