Storfjordnytt er ei vekeavis som vert utgjeve i Valldal i Norddal kommune i Møre og Romsdal.

Målforma til avisa er nynorsk. Avisa tek mål av seg til å dekkja indre delar av Sunnmøre kring Storfjorden, og då særleg kommunane Norddal og Stordal.

Storfjordnytt vart frå 28. november 1979 utgjeve under namnet Norddal Bygdeblad. Lokalavisa for Norddal utvida seinare dekkingsområdet og endra namn til Storfjordnytt i 1989.

Storfjordnytt vert eigd av Storfjord Bladlag AS.

Opplagstal endre

Utvikling i nettoopplag.[1]

År Nettoopplag

2004 1 572
2005 1 578
2006 1 585
2007 1 586

2009 1 452
2010 1 439
2014 1 405

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

  1. Mediebedriftenes Landsforening Opplag- og lesartal. Nettoopplaget er eit mål for betalt opplag.