Tafjord kraft er eit kraftselskap med hovudkontor i Ålesund kommune i Møre og Romsdal. Selskapet vart skipa som Tafjord Kraftselskap i Ålesund 12.april 1917, tolv kommunar med Ålesund i spissen deltok.[1] Fram til 1998 var det organisert som eit interkommunalt selskap då det vart omgjort til A/S.[2]

Zakariasdammen magasinerer 70 millionar m3 vatn til drift av Tafjord 4.

Betongdemninga ved utløpet av i Zachariasvatnet er 95 meter og var i si tid den høgaste i Noreg, og har blitt ein turistattraksjon.[3][4] Zakariasvatnet er med 70 millionar m3 den største magasinet i Tafjordfjella.[5]

Kraftverka ligg hovudsakleg i Tafjord i Norddal kommune, og desse utnyttar fall i Tafjordvassdraget (og Muldalsfossen) og nedbørsfelt i Tafjordfjella. Nedbørsfeltet i Tafjordfjella omfattar eit areal på omkring 388 km2, av dette ligg 80 % meir enn 1000 meter over havet.[5] Delar av nedbørsfeltet ligg i Skjåk og Stranda kommunar, vatn på andre sida av vasskiljet blir overført i tunnel. Kraftstasjonane i Tafjord er nummerert frå 1 og oppover, slik at Tafjord I (også kalla K1) er den eldste delen av anlegget (den eldste stasjonen er museum og ny K1 frå 1989 er oppført like ved). Kraftverka i Tafjorden utgjer eit nettverk av magasin og stasjonar knytt i hop med overføringstunnelar og trykksjakter slik at vatnet blir nytta i fleire etappar før det endar i fjorden. Til dømes ligg Tafjord V (K5) ved Zachariasvatn slik at avløpet frå Tafjord V blir samla opp i Zachariasvatnet og deretter nytta i Tafjord IV ved fjorden. Trykksjaktene i Tafjord er stort sett utført som råsprengte tunnellar, og fleire av desse sette i si tid verdsrekord med til dømes Tafjord 5 der eine sjakta er på 823 høgdemeter.

Selskapet eig 8 kraftverk med ein årsproduksjon på 1,27 TWh. Kraftverka blir fjernstyrt frå driftssentralen i Ålesund.

Heileigde kraftverk:

  • Dyrkorn kraftverk - elvekraftverk utan magasin, eit fall på 600 meter i Dyrkornvassdraget
  • Stadheim i Sunnylven, Stranda kommune
  • Juvfossen i Strandadalen, Stranda kommune
  • Tafjord 1 - nyttar 175 meter fall frå Onilsavatn til omtrent havnivå
  • Tafjord 2 - nyttar knapt 400 meter fall frå Kaldhussætervatna til Onilsavatn
  • Tafjord 3 - nyttar eit fall på over 300 meter frå Slettdalsvatn til Kaldhussætervatna
  • Tafjord 4 - nyttar eit fall på over 400 meter frå Zachariasvatn og frå Muldaselva til fjorden
  • Tafjord 5 - nyttar to ulike fall på omkring 800 meter frå Brusebotn eller Smettevatn (Veltdalen) til Zakariasvatn, på grunn av stort trykk ligg stasjonen 1000 meter inne i fjellet
  • Tafjord 6 - nyttar eit fall på berre 40 meter i tappetunnel mellom Vikvatn og Brusebotn, stasjonen ligg 1279 moh.
  • Tafjord 7 - nyttar to ulike fall frå Fagerbotnvatn (1147 moh.) og Fetvatn (1052) til Sauebotn, stasjonen ligg 920 moh., dette vatnet rann tidlegare unytta frå tappetunnelen

Bakgrunn endre

På slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet var det fleire initiativ for utbygging av små kraftverk på Sunnmøre. Vanskar med å overfør kraft over lange avstandar gjorde at industrien måtte leggast tett ved kraftverket eller at små kraftverk vart sett opp nær forbrukarane. Eit av dei eldste vasskraftverka på Sunnmøre vart sett opp av O.A. Devolds Sønner A/S i Langevåg og nytta i fabrikken der (1883). Devold hadde fallrettar i Langevågen. Det første kraftverket i Ålesund eit dampdrive verk som kom i drift i 1896 (øydelagt av bybrannen i 1904). I Ålesund nytta ein seinare fallet frå Brusdalsvatnet til sjøen. I Barstaddalen hadde Ole Erdal alt i 1907 sett i gang sitt eige kraftverk på garden.[6] Dyrkornvassdraget vart bygd ut i 1913 og fabrikken kom i gang i 1915 (Tafjord Kraft overtok rettane i 1998 og opna nytt Dyrkorn kraftverk i 2011). I Haram kommune drøfta ein i 1915 å sette opp dampdrive kraftverk basert på brenning av torv (som det var rikeleg av på øyane), men i staden gjekk kommunestyret inn for å knyte seg til kraft frå Tafjord.[7]

Historie endre

Ein viktig pådrivar for kraftverk i Tafjord var fylkesmann Oddmund Vik. Vedtak av Stortingsproposisjon nr 136/1916 gav løyve til sal av Tafjordvassdraget til Ålesund kommune saman med landkommunane Norddal, Stordal, Ørskog, Skodje, Borgund, Vatne, Vestnes, Tresfjord, Giske, Vigra, Haram og Sandøy. Vassdraget vart kjøpt for 280 000 kr. Kostnadene vart fordelt med ein halvpart på Ålesund og resten på landkommunane. Selskapet vart konstituert 12. april 1917 i Ålesund med eit representantskap fordelt likt mellom Ålesund og landkommunane.

Forarbeidet til bygging i Tafjord tok til i 1917. Den første tida var prega av mange sambandsutfordringar. Tafjord hadde ikkje telefonsamband og anleggskontoret var difor på Sylte i Valldal den første tida. Dessuten var det rutebåt til Sylte berre to gongar i veka, vidare inn Tafjorden var det motorbåt som høyrde til folket i Tafjord. Når isen la seg på fjorden var Tafjord nesten avskore frå omverda. Frå kaia i Tafjord til tomten for den første kraftstasjonen vart det lagt eit jernbanespor med bensindrive lokomotiv (moglegvis den første jernbanen på Sunnmøre), ellers vart det nytta hest fordi lastebilar ikkje var vanleg. Ved bygging av magasin i høgfjellet vart transporten ordna mellom anna med reinsdyr på snøføre.[7]

Den første kraftstasjonen, Tafjord 1 (også kalla K1), vart sett i drift i 1923. Den fekk trykkvatn gjennom ei røyrgate frå Onilsavatn. I 1989 vart den opphavlege stasjonen tatt ut av drift etter at ein ny Tafjord 1 sett opp like ved, den gamle stasjonen er omgjort til museum (opna 1991). Den nye Tafjord 1 får trykkvatn gjennom sjakt sprengt ut i fjell.[5] Tafjord 1 tok opphavleg mot alt vatnet i Tafjordvassdraget (både Rødalen og Kaldhussæter), etter oppføring av Zakariasdammen og Tafjord 4 blir vatnet frå Zakariasvatnet ført i tunnel forbi Onilsavatnet og direkte til fjordnivå.

I 1957 kjøpte selskapet to eigedommar i Rødalen og sikra seg med det rettar til vidare utbygging i Tafjord-området. To gardsbruk i drift og eit gardsbruk som tilhøyrde Ålesund-Sunnmøre Turistforening vart lagt under vatn då Zachariasdammen var teken i bruk. Allereie i 1968 var Tafjord 4 klar til bruk.[8]

Frå 1985 vart det bygd forbrenningsanlegg for avfall på Grautneset i Ålesund. Tafjord Kraft driv anlegget og leverer fjernvarme i området.

Dyrkorn kraftverk vart sett i drift våren 2011, det erstatta eit gamalt nedlagt kraftverk. Tafjord Kraft kjøpte fallrettane i Dyrkornvassdraget i 1988.[5]

Tafjord Kraft dekte nær halvparten av kostnadene ved bygging av Tafjordvegen som gav samanhengande køyreveg frå Ålesund til Tafjord.

Kjelder endre

  1. Ytterdal, Per (1970): Norddal Sparebank 1871-1971.
  2. http://snl.no/Tafjord_Kraft_AS lese på nett 20.januar 2013.
  3. SNL på nett oppgir 90 meter http://snl.no/dam/demning lese på nett 20.januar 2013.
  4. Selskapet sjølv oppgir at Zakariasdammen er 95 meter høg (Tafjord: Kraftanleggene i Tafjord. Udatert hefte utgjeve av selskapet, PDF lese 22.1.2013).
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Tafjord: Kraftanleggene i Tafjord. Udatert hefte utgjeve av selskapet, PDF lese 22.1.2013.
  6. Bruaset, Oddgeir: Sunnmøre og sunnmøringen. Samlaget, 1999.
  7. 7,0 7,1 Vollan, Odd (1967): Tafjord Kraftselskap 1917-1967. Ålesund: Sunnmørspostens trykkeri.
  8. Tenfjord, Johan Kåre: Tafjord Kraftselskap 1917-1992.